Sundag 19. april: Siste dag i hytteforbodstida. Bibbi Tveito (t.v.) og Anne Tone Aasbø frå Åmot har fjellheimen på Rauland nesten for seg sjølve.

Dagar det nesten ikkje finst maken til

Vindstille og skyfritt. Me er inne i ein periode med stabilt vêr. Somme veit å nyte slike dagar til fulle.

Skilåmene er no berre bleike minne om at det ein gong fór ei tråkkemaskin her. Men snøen er fast under topplaget som sola har bløytt opp. Skia kan føre deg kvar som helst innover i fjellheimen. Oppe i ei li har eit par kvinner sett seg godt til rette, to som nyt dagen til fulle. Dei sit og ser ut over den dalen som ber det som Språkrådet omtalar som eit turistnamn, Silkedalen. Det tradisjonelle, heimlege namnet seiest å vera Leirbekkdalen.

– Ikkje eit vindpust, kommenterer ei nøgd Anne Tone Aasbø, medan ho myser mot sola og tek ein slurk av kaffien ho har på termosen. Ho har teke turen til fjells saman med Bibbi Tveito. Ikkje mange andre skiløparar er å sjå i det til vanleg så trafikkerte området.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, her er det ikkje vanskeleg å fylgje retningslinene om å halde avstand, smiler ho.

Aude og stille også på Haukeli

Haukelifjell: Ein blank og vindstille dag som denne ville det vanlegvis ha myldra av turistar i løypa over Ståvatn.

Turdagen er altså siste dag i det som truleg går inn i historiebøkene som hytteforbodstida. Dei siste dagane har dei to veninnene også besøkt andre stadar i kommunen; høgfjellsområde som vanlegvis putrar av turistar. Fredag parkerte dei ved brøytestasjonen på Haukelisæter. Der spente dei på seg skia og løypte ned mot turisthytta. Rundt hytta låg føykefennene tett; ingen brøytemannskap hadde så langt rydda snøen kring den aldeles folketomme hytta.

Derfrå gjekk turen over Ståvatn og vidare innover det opne landskapet kring tusen meter over havet. Klokka var fire på ettermiddagen då turen var unnagjort og damene komne tilbake til bilen. Dei kunne melde om litt hardt føre på starten av dagen, noko som betra seg monaleg etter som sola tok tak. Viddene hadde dei nesten for seg sjølve.

– Me såg eitt, berre eitt einaste menneske på turen, fortel Bibbi Tveito.