Trivst på skjermen: Lise Marit Syftestad frå Kviteseid har alltid drøymt om å vere på tv-skjermen. Nå blir ho programleiar for det nye TV 2-programmet «Bakebananas».

Bakebananas med Lise Marit

– Eg har alltid hatt lyst til å vere på skjermen, fortel Lise Marit Syftestad. Nå er draumen her. I februar leiar ho sitt eige program på TV 2. Men ho har fleire draumar. Ho kallar dei hårete, men er ikkje redd for å fortelje om dei.

I april 1993 melder VTB at Kviteseid har skeiv barnehagedekning i kommunen, det blir stilt spørsmål om Telemarkskanalen må vere stengt året etter på grunn av bruprosjektet i Fjågesund, RIMI reklamerer for appelsinjuice til 5,90 og ein meteoritt lagar hol i isen på Lognvikvatnet.

I april 1993 blir Lise Marit født, og ho veks opp i Kviteseid, men seksten år gamal flyttar ho til Skien for å gå på skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var veldig klar for å flytte, men var litt redd då eg flytta til Skien, og året etter flytta eg til Bø fordi eg sakna venninnene mine slik.

Seinare gjekk turen til studiar i Volda, men ikkje på journalistikkstudiar som var målet.

– Eg hadde ikkje gode nok karakterar og kom ikkje inn. Då låg eg på sofaen og grein heile dagen etterpå.

Nå kan ho le av det, for det løyste seg jo. Snart finn ho ut at det er moglegheiter i Danmark. Der legg dei mindre vekt på karakterar og meir på opptaksprøver.

– Eg lærte meg dansk, tok opptaksprøva og var heldig og kom inn.

På studiar i Odense var det både skriving, radio- og TV-journalistikk, men det var TV som fenga mest.

– Heilt sidan eg var lita har eg hatt lyst til å vere på skjermen. Eg har eit eksponeringsbehov, og er nysgjerrig av natur. Når eg møter nye folk stiller eg dei alltid mange spørsmål, og venninnene mine unnskyldar meg alltid, og seier; ho er journalist, skjønar du.

Ho ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er berre det at eg er genuint interessert i folk, og har lyst til å fortelje ei historie. Eg har også lyst til å underhalde, få folk til å le og kjenne på den kjensla det gjev. Eg har lyst til å vise meg fram.

– Det er berre det at eg er genuint interessert i folk, og har lyst til å fortelje ei historie. Eg har også lyst til å underhalde, få folk til å le og kjenne på den kjensla det gjev.

Hjartebarnet

Etter studiar og jobb i Nordisk Film og TV i København flyttar ho heim til Noreg og Oslo. Ho byrjar å jobbe med God Morgen Norge i TV 2, og nå har ho snart vore der i to år.

– Eg er reporter og researcher. Av og til er eg ute, lagar reportasjar og gjer «live-TV». I dag har eg vore live saman med Wenche (Andersen TV2-kokk red. mrk.) og møtt kokkelandslaget som førebur seg til OL. Elles gjer eg mykje research, og skriv manus til programleiarane.

Men i haust hadde ho ein månad fri frå jobben i God Morgen Norge for å lage eit ganske anna program. Stikkorda er baking og ungar. Programmet heiter Bakebananas, og handlar om bakeglede.

– Det er mykje bra i Oslo, og det er lettare å bygge ei karriere her, men det er veldig godt å kome heim. Eg elskar bygda og pustar så godt heime i Vest-Telemark.

Lise Marit har ein nærast boblande entusiasme i stemma uansett om ho pratar om Vest-Telemark, då ho ikkje kom inn på journaliststudiane eller livet som live-reportar, men entusiasmen stig nokre merkbare hakk når temaet er Bakebananas.

– Det er eigentleg eit dansk konsept, men eg har vore med å utvikle og lage programmet, så det er mitt vesle hjartebarn.

I hjartebarnet til Lise Marit får fire lag med to ungar på kvart lag nye bakeutfordringar kvar veke. Gjennom åtte episodar skal dei bake seg gjennom ulike tema som bursdag og Halloween. Laga konkurrerer på tid, estetikk, smak og å vere oppfinnsame.

– Det er jo ein konkurranse, men me prøvar å ikkje legge for stor vekt på det. Dette skal vere trygg underhaldning for heile familien, det skal vere inspirerande og skape bakeglede. Mange foreldre er kanskje redde for å sleppe til ungane på kjøkkenet, men dei som var med var kjempeflinke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då dei søkte etter deltakarar, ungar i alderen 10-11 år var det mange som meldte sin interesse, og Lise Marit fortel at deltakarane har vore utruleg flinke og veldig sjarmerande å arbeide saman med.

Innspelinga var ferdig i løpet av november, og dei fyrste programma er nå ferdig klipte.

– Me hadde visning av dei to fyrste episodane for ungar og foreldre, og foreldra skrattlo. Me trudde ikkje me skulle synest det var så morosamt, sa dei.

Stas: – Det var utruleg stas å få eiget program, men eg hadde også prestasjonsangst, fortel Lise Marit Syftestad.

Talkshow på stabburet

Når ein har drøymt om noko lenge kan skuldrene kome høgt. Kviteseidjenta kjenner på prestasjonsangsten.

– Det var utruleg stas å få eit eige program, men eg hadde også prestasjonsangst. Eg ville vise dei som gav meg jobben at dei hadde tatt rett val. Eg kjenner på pulsen når eg er live-reporter også, men dette var noko anna. Eg hadde skrive alle manusa sjølv så dei kom lett til meg, og eg kjenner meg veldig heime i rolla. Det gav absolutt meirsmak.

Nå kryssar ho fingrane for at det blir fleire sesongar av Bakebananas, men det er lenge sidan Lise Marit retta blikket mot meir.

– Eg er veldig heimekjær, og min aller største draum er å flytte heim til Vest-Telemark, bu på gard og ha mitt eige talkshow i stabburet. Folk ler av det, og eg veit at det er eit hårete mål, men me må kunne drøyme stort.

Entusiasmen til Lise Marit er glad og lett, og garantert smittsam for dei som jobbar saman med henne. Å lage talkshow på eit stabbur frå Vest-Telemark er jo ein kul ide, eit eksotisk innslag mellom verkelegheitsprogram frå bassengkantar, oppussingsdrama og kjendisar som hyperventilerande klatrar oppover fjellveggar. Ideen er ikkje ny.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er veldig heimekjær, og min aller største draum er å flytte heim til Vest-Telemark, bu på gard og ha mitt eige talkshow i stabburet. Folk ler av det, og eg veit at det er eit hårete mål, men me må kunne drøyme stort.

– I eit familieselskap då eg var 12–13 år gamal fekk eg spørsmål om kva eg hadde lyst til å jobbe med når eg blei stor, og då svara eg det; ha mitt eige talkshow på stabburet, og folk berre lo.

Lise Marit ler ho også, men ho meiner det likevel. Ho må vere bildet på det motsette av sjenert, og fortel at ho synest janteloven er noko tull. Draumar må få lov til å vere store, og blir dei ikkje noko til verkelegheit så er det også greitt.

– Eg tenker at talkshowet skulle vere ei blanding av Hver gang vi møtest, Skavland og Senkveld.

Heime: - Eg elskar bygda og pustar så godt heime i Vest-Telemark, seier Lise Marit Syftestad.

Held på dialekten

Det er over elleve år sidan ho var fastbuande i Kviteseid, men ho saknar Vest-Telemark og tek turen så fort ho har moglegheit.

– Det er mykje bra i Oslo, og det er lettare å bygge ei karriere her, men det er veldig godt å kome heim. Eg elskar bygda og pustar så godt heime i Vest-Telemark.

Og dialekten, den er ho trufast mot.

– Eg er så stolt av plassen eg kjem frå og dialekten min. Dialekten er så stor del av identiteten min, og eg får mykje ros for å halde på dialekten min på skjermen. Dessutan hadde eg ikkje tora å kome heim om eg hadde skifta dialekt på TV. Produsentane på Bakebananas ville at eg skulle skifte ut kån og høtt, så det måtte eg, men eg har prøvd å snike det inn litt likevel.