På Salong 19: Sara Doniella Josefina Lindgren har lyst til å bli frisør.

9.-klassingane smaka på arbeidslivet i Kviteseid. Sara testa draumejobben

Denne veka har 9. klasse på Kviteseid skule fått kjent litt på korleis arbeidslivet er. Dei har vore spreidd rundt om i heile Kviteseid, og gjort masse forskjellig.

Sara Doniella Josefina Lindgren, 15 år, Kviteseid skule.

– Kva for jobb har du denne veka?

– Eg er på Salong 19, som ligg midt i Kviteseid sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva gjer du på jobb?

– Eg gjer ganske mykje forskjellig. I dag har eg vaska litt og tørka støv, også har eg lånt ein mannekeng som eg lagar forskjellige oppsettingar på. Eg har i tillegg blanda litt farge, også hjelper eg frisøren litt undervegs om ho treng noko hjelp.

– Kvifor valte du akkurat den jobben?

– Eg har veldig lyst til å bli frisør, så eg ville sjå litt korleis yrket er. Interessa har heldigvis ikkje forandra seg noko etter denne veka.

– Kva for ein skule har du tenkt deg på vidare etter 10. klasse?

– Då eg har veldig lyst til å bli frisør så tenker eg det blir Lunde. Der er det ei linje som heiter frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, og eg vil ta frisør på Vg2 og Vg3.

Vida Sandes Sandland, 14 år, Kviteseid skule

På Elisabeth mote: Vida Sandes Sandland synest det er bra med litt erfaring med å jobbe i butikk.

– Kva for jobb har du denne veka?

– Eg jobbar på Elisabeth mote

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva gjer du på jobb?

– I dag har eg hjelpt til med å opne butikken. Eg ryddar og brettar klede. Om eg ser noko eg likar kan eg prøve det på, i tillegg så kler eg på dokkene som står til utstilling.

– Som du ser så går det i skjørt og singlet, smiler 14-åringen lurt.

– Kvifor valte du akkurat den jobben?

– Eg er generelt veldig glad i butikken, og synest det er mykje fint her, så eg tenkte det kunne vore spennande å jobbe her. Også er det jo bra med litt erfaring med å jobbe i butikk, og det får eg jo nå.

– Kva for ein skule har du tenkt deg på vidare etter 10. klasse?

– Eg er ganske sikker på at det blir Lunde på frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign. Eg har alltid hatt lyst til å bli frisør, men eg er endå litt i tenkeboksen.

Magnar Syrtveit Mikalsen, 15 år, Kviteseid skule

– Kva for jobb har du denne veka?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har også jobba på Kiwi saman med Hans, noko eg trivast godt med.

– Kva gjer du på jobb?

– Eg ryddar i hyllene og setter inn varer, og kastar litt papp her og der.

– Kvifor valte du akkurat den jobben?

– Det var ikkje så veldig mange interessante stadar å jobbe, så eg tok denne fordi det var den beste. Også sjølvsagt med tanke på sommarjobb, det er alltid lurt å ha i tankane om ein ønskjer jobb.

– Kva for ein skule har du tenkt deg på vidare etter 10. klasse?

– Eg har eit veldig sterkt ønskje om å gå på Skoleskipet Gann som ligg i Stavanger. Eg har lyst til å bli enten styrmann, matros eller kaptein. Eg har alltid vore veldig glad i båtar, så dette må vere ein draum som går i oppfylling.

På Kiwi: Hans Breidalen Skjæveland (t.v.) og Magnar Syrtveit Mikalsen ryddar varer og kastar papp.

Hans Breidalen Skjæveland, 15 år, Kviteseid skule.

– Kva for jobb har du denne veka?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg jobbar på Kiwi, og likar det veldig godt.

– Kva gjer du på jobb?

– Eg ryddar og setter inn varer i hyllene, og om det er noko papp som må kastast, gjer eg det også.

– Kvifor valte du akkurat den jobben?

– Eg valte Kiwi med tanke på at eg kanskje kan få sommarjobb her ein gong.

– Kva for ein skule har du tenkt deg på vidare etter 10. klasse?

– Eg er veldig sikker på at det blir elektro på Dalen, då eg har lyst til å bli elektrikar.

Is og programmering

På NC-spektrum er det ein heil gjeng – fem engasjerte ungdommar sit og programmerer. Martin Stian Arne Angel Birkelund, Eik Saxhaug, Hans Øy, Aslak Farmen Aabø og Andreas Spikkeland Holm.

Artikkelen held fram under annonsen.

På NC-spektrum: Eik Saxhaug (f.v.), Hans Øy, Aslak Farmen Aabø, Andreas Spikkeland Holm og Martin Stian Arne Angel Birkelund.

– Kva er det dykk gjer denne veka?

– For det meste så programmerer me og reinsar fiber, fortel Birkelund.

– Og et god mat og is, la Saxhaug raskt til, då lo alle samen.

– Kvifor valte de akkurat den jobben?

– Eg syntest det verka interessant og spennande, fortel Øy.

– Eg var nysgjerrig på kva dei gjorde her, fortsette Holm.

Gutane er veldige einige om kvar dei vil gå på skule etter 10. klasse – Kvitsund på alle saman utanom Saxhaug. Han er endå litt usikker, men satsar på at det blir Vest-Telemark vidaregåande på Dalen på linja TIF.

Arbeidsveke

Artikkelforfattaren, Kristine Kveven Sørensen, har hatt si arbeidsveke i Vest-Telemark blad.