Ny som leiar: Camp Kvitsund har lenge vore leia av Gunnar Salmelid. Neste år er det Pål Næverlid Sævik som har leiaransvaret. Han meiner framtida er lys for campen. Foto: Privat

400 ferieturistar til Kviteseid på Camp Kvitsund

Familiar frå heile landet samla seg på Kvitsund gymnas. Det er eit høgdepunkt for mange, opplever Pål N. Sævik, ein av leiarane.

Førre veke var romma igjen fulle, og over heile skuleområdet på Kvitsund Gymnas på Utsund i Kviteseid var det campingvogner og telt. Misjonssambandet sitt populære arrangement, Camp Kvitsund, har lange tradisjonar.

Treffer igjen vener

– Me er ein familie på fem som synest det er heilt topp å få kome på bibelcamp på Kvitsund, seier Pål Næverlid Sævik, som neste år er hovudleiar for bibelcampen.

– Her på Kvitsund treffer eg igjen mange av vennene mine, som tek med seg familien hit ei veke i sommarferien. Me blir også kjend med mange nye menneske, som er veldig kjekt!

Kva er eigentleg ein bibelcamp?

– Ein bibelcamp er ein slags familiefestival. På føremiddagen har me ulik bibelundervisning for alle aldersgrupper og på kvelden er alle samla til felles kveldsmøte med andakt, song og leikar, seier Sævik

På kveldsmøta har det også kome fleire av lokalbefolkninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tek over som leiar

Bibelcampen på Kvitsund har dei siste åra vorte leia av kviteseidingen Gunnar Salmelid. No reiser Gunnar og kona til Elfenbenskysten, så neste år tek Sævik over leiaransvaret for campen. Sævik gler seg, men legg til at Salmelid gjorde ein veldig god jobb.

Pål N. Sævik er fødd og har vokse opp i Ålesund, og har budd i Bergen sidan 2005. På bibelcampen treffer han vener frå studietida, som no har busett seg ulike stader i landet. Sjølv gjekk han ikkje på Kvitsund.

– Eg hadde så vidt høyrt om Kvitsund før me byrja å reise på bibelcamp her, men no har eg blitt veldig glad i staden, seier Sævik som synest det er ein fin tradisjon å få kome til Vest-Telemark ei veke kvar sommar.

Mange aktivitetar

– Her er det stort sett nydeleg vêr og så er det fin natur. På dagtid er det alltid mykje å finne på, anten ein vil gå på fjelltur i nærleiken, bade ved stranda, køyre vasski eller spele fotball, volleyball, frisbeegolf, med gamle og nye vener.

Det finst mange slike bibelcampar rundt om i landet. Sævik trekkjer fram at Camp Kvitsund har ein passe storleik, med eit tal på 400 deltakarar.

– Her druknar du ikkje i mengda, og samtidig er det alltid nye folk å bli kjent med, seier Sævik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at det har vore lettare å bli kjent med folk i år enn dei to tidigare åra med korona-restriksjonar. Camp Kvitsund vart arrangert båe dei føregåande åra, men med ulike tiltak.