Alf Gunnar Taraldlien overlevde Alexander Kielland-ulykka for snart 36 år sidan. Av dei 212 om bord på plattforma, måtte 123 bøte med livet.

Kjempa for livet i det iskalde vatnet

Det iskalde vatnet er fylt av bobler. Han ser dei stige i hopetal til overflata. Trykket i øyro blir tydeleg og plagsamt. Han kjenner at han fylgjer med ned i havdjupet, før han brått kjem seg laus og skyt fart mot overflata.

Saka blei fyrst publisert i VTB 24. desember 2015.

Oppdrifta i livvesten reddar han frå å forsvinne i det mørke frodande og altslukande havet. Vatnet og vinden står for lydane. Himmelen og havet kokar. Han tenkjer på dei heime, på alt frå han var liten fram til dagen i dag – 27. mars 1980.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innstilt helikopter

Alf Gunnar Taraldlien, opphavleg frå Dalen, skulle på jobb påska for snart 36 år sidan. Nordsjøen og oljeindustrien blei arbeidsplassen hans eit knapt år tidlegare. Eit oppdrag for arbeidsgjevaren, Tangen Verft, gav Taraldlien ein smak av Nordsjølivet.

Det var dårleg vêr denne dagen like før påske i 1980. Faktisk så dårleg at Taraldlien og kollegaene hans ikkje kom seg på arbeid. Dei budde om bord i Alexander Kielland, ein borerigg som var bygd om til bustadrigg, men som no var i ferd med å bli bygd om til borerigg att, medan dei jobba på Elfisk Bravo, ein rigg som låg rundt ti minuttars flytur unna. Men denne dagen var det for dårleg vêr til at helikopteret flaug.

– Plattformane krenga i dei høge bylgjene og derfor kunne ikkje helikopteret lande. Det var kraftig vind og ei blanding av snø og sludd i lufta, forklarer Taraldlien.

Godt over tre år etter Alexander Kielland-ulykka i 1980 blei dette forsøket på å snu plattforma gjort.

Dermed gjekk dagen med til kortspel og andre aktivitetar. Dei fleste om bord ville helst arbeide, men då det ikkje var mogleg var det om å gjere å få tida til å gå. Det var 212 personar om bord på Alexander Kielland. Riggen fungera som bustadplattform for Edda. Mellom riggane var det ei gangbru.

– Me var fem kollegaer som gjekk ned i kinosalen for å sjå film, men der var det så mykje folk at me gjekk opp att. Plattforma duva jamt og trutt. Bylgjene var nok 15–20 meter høge. Men me var ikkje særleg bekymra. Me hadde fått beskjed at Alexander Kielland-plattforma kunne flyte sjølv om eitt av dei fem beina blei borte. Eg hadde ingen tankar om at det kunne gå gale, seier han.

Les også: Torgeir frå Dalen var med i redningsarbeidet

Ein uvanleg lyd

Men karane hadde lyst til å sjå film, så dei reiste opp til stuerten og spurde om dei kunne låne messa og sjå film der. Filmapparat fekk dei også låne.

– Filmen hadde akkurat starta, klokka var nok nærare halv sju på kvelden, då me med eitt høyrde ein nokså kraftig dump lyd, som eit slags dunk. Det var ein uvanleg lyd, og samstundes med lyden kom det ei grov bylgje som gav eit kast i riggen. Filmapparatet datt i golvet, og me skvatt opp av stolane og kasta eit forskrekka blikk på kvarandre, hugsar Alf Gunnar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei skjøna fort at noko var gale, og fann kjappaste vegen ut av messa.

Plattforma duva ekstra mykje, og var i ferd med å bikke meir og meir over til den eine sida. For å kome seg ut måtte dei setje eine foten i trappetrinnet og den andre på veggen.

– Det kom liksom eit søkk i plattforma like etter at me blei var den uvanleg lyden. Me sprang ut naudutgangen. Det var bratt opp trappa, men me søkte det høgste punktet på riggen og gjekk mot opninga der me skimta ljos, fortel han.

På med livvesten

På veg opp passera han ein av stasjonane med livvestar. Han tok med seg ein og festa han på seg. Han skjøna at noko alvorleg hadde skjedd, men trudde framleis at riggen ville halde seg flytande og på rett kjøl, slik dei hadde blitt fortalt.

– Kva syn blei de møtt av då de kom ut?

– Riggen krenga veldig og me såg enkelte som hoppa i sjøen i eit forsøk på å berge seg. Dei var redde for å fylgje med riggen ned i havet. Nokon var i ferd med å kome seg om bord i livbåtane. Sjølv hadde eg framleis eit håp om at Alexander Kielland ville halde seg flytande så eg avventa litt, svarar han.

Han og ein til kom seg inn i ankervinsjhuset. Der stod dei ei beite medan riggen krenga meir og meir.

– Me skjøna at det eine beinet på riggen var borte. Og ettersom riggen bikka gjekk me ut på leideren langs det øvste riggbeinet, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

I havet

Med eitt rauk ankerkjettingen og riggen kvelva heilt rundt. I eit kok av hav, skrammel og skrot vart han med ned i havdjupet.

– Det brusa rundt meg. Boblene skaut mot overflata og alt var eit einaste kaos. Det var då eg tenkte at no er det slutt. Det kalde vatnet, 3–4 grader, og den kalde og sterke vinden – det kunne umogleg gå an å overleve særleg lenge under slike tilhøve. Det er sant som dei seier at livet passerar i revy når du trur døden er neste stoppestad, seier han tankefullt.

Han slapp etter kvart taket og kom seg opp til overflata. Litt bortanfor låg det ein livbåt som hadde tippa rundt då han hamna i havet. Etter kvart kom Alf Gunnar og fleire seg bort til båten. Dei banka på sidene og fekk nokre bank til svar. Men slik båten låg var det umogleg å kome seg inn i han.

– Lukene var på undersida, og me visste at båten måtte bli snudd. Me kommunisera med dei i båten ved å banke og dei skjøna kva me ville, fortel han.

Dermed gjekk dei som var om bord over på eine sida slik at tyngda var samla på ein stad. Slik klarte dei på utsida å tippe livbåten rundt på rett kjøl.

– Då var eg så sliten og nedkjølt at eg ikkje visste om eg klarte meir. Langs sidene på livbåten var det taug som eg hadde tredd armen inn i slik at eg hang fast, hugsar han.

Hadde ikkje noko val

Rundt seg såg han kroppar som duva i sjøen, nokre levande, andre døde. Taraldlien hadde meir enn nok med seg sjølv.

– Om eg slapp taket ville eg gått under. Det var store sjansar for at bylgjene ville ført meg langt vekk frå livbåten, og då hadde eg ikkje klart meg. Det blei slik at kvar og ein måtte ta ansvar for seg sjølv. Det dårlege vêret og dei låge temperaturane gjorde det slik, seier Taraldlien.

Artikkelen held fram under annonsen.

For det er tankane på valet han gjorde som kanskje plagar han mest i ettertid. Men realistisk sett hadde han ikkje noko val. Han hadde ikkje hatt nokon sjanse om han hadde sleppt taket i livbåten.

– Det er den brutale sanninga, seier han stille.

Me hadde fått beskjed at Alexander Kielland-plattforma kunne flyte sjølv om eitt av dei fem beina blei borte. Eg hadde ingen tankar om at det kunne gå gale.

Blei redda

Dei elleve som var om bord i livbåten opna luka og fekk drege dei utanfor inn. Lukta av diesel var påtrengjande.

– Dei hadde ikkje fått starta båten. Hadde dei gjort det hadde me truleg ikkje berga oss. Det var visst ein dieselslange som anten var lekk eller hadde hoppa av. Mange spydde då dei kom om bord. Både av utmatting, diesellukta og fordi dei blei sjøsjuke, fortel han.

Då alle som var synlege rundt livbåten hadde kome seg inn, skalka dei luka og satt og venta. Venta på redninga.

– Etter meir enn 20 minuttar i det iskalde havet var det ikkje mykje me kjente til verken føter eller armar. Vel om bord byrja me å varme oss mot kvarandre. Me gnei armar og bein til me fekk ørlite kjensle i lemmene, forklarer Alf Gunnar.

«MS Normand Skipper»

Etter ein time eller to banka det i sida på livbåten. Forsyningsskipet «MS Normand Skipper» hadde kome fram til havaristen, og dei plukka opp overlevande etter ulykka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei la ut eit bergingsnett som me kom oss over på. Me var meir eller mindre i sjokk alle som ein, og det var vanskeleg å tenkje klart. Men noko av det fyrste eg tenkte på var å kontakte dei heime for å gje beskjed om at eg hadde klart meg, seier han.

Vel om bord i forsyningsskipet var det andre som hadde tenkt same tanken. På den tida gjekk alle radiobeskjedar via Rogaland Radio, og det avgrensa kapasiteten. Dermed var det ikkje mogleg for Alf å gje beskjed. Men han visste at alle blei registrerte, og at Ekofisksenteret laga lister med overlevande, omkomne og sakna.

Elles fekk dei låne klede av mannskapet og ekstra varme lugarar stod klare for dei. For Alf Gunnar sin del blei det mange timar under dyna der han låg skjelvande.

– Det var nok ein kombinasjon av både fysisk og psykisk sjokk, trur han.

Etter noko tid blei dei bokstaveleg talt skipa til Ekofisksenteret, sjølve feltsenteret i Ekofiskområdet. Senteret består av fleire installasjonar som er knytt saman, og det har vore ei utvidinga av senteret frå 1970-talet og framover. Neste dag blei dei sendt med helikopter til fastlandet.

– Eg fekk kontakt med dei heime då me hadde kome oss på fastlandet. Dei hadde fått beskjed om at eg hadde klart meg, men det var ufatteleg godt å fortelje det sjølv også, minnest han.

Frå dei fyrste teikna på at noko var gale på Alexander Kielland til han var berga anslår Taraldlien at det gjekk ein stad mellom to og tre timar.

Det blei seinare fastslege at ein sveisefeil var årsaka til at det eine beinet losna og riggen kvelva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko av det fyrste eg tenkte på var å kontakte dei heime for å gje beskjed om at eg hadde klart meg.

Kjapt tilbake

Berre ein månad etter ulykka var Taraldlien tilbake i Nordsjøen. I dag, snart 36 år seinare, er den opphavlege tokkebuaren framleis på plattform.

– Denne joli feirar eg på plattforma Goliat i Barentshavet. Eg kjem sjølvsagt aldri til å gløyme det som skjedde i 1980, men livet må gå vidare. For meg har det vore viktig å snakke om dette. Og på eit vis blir det slik at du kan ikkje la vere å køyre bil sjølv om du har kollidert ein gong. Hendinga har gjort meg veldig bevisst på å sjå etter naudutgangar i alle samanhengar. Om eg er på hotell, fly, tog eller skip lærer eg meg kvar det er, seier han.

– Og eg har vore heldig. Ingen lotto-gevinst kan måle seg med premien min – livet, smiler han.

Alf Gunnar Taraldlien er busett i Kragerø. Han bur like utanfor sentrum og frå det nokså nybygde huset har han og kona ein fantastisk utsikt over innsiglinga til Kragerø.

Det er noko med sjøen og denne karen frå Vest-Telemark.