Ytring: Trist at det ikkje blir flagga ...

Ja det var overskrifta på eit innlegg i Vest-Telemark Blad på tysdag den 24. september.

Russel Thomas, vikingsmeden frå London som kom til Nissedal 2003, reagerte spontant i desember i fjor, då han blei var at det ikkje blei flagga frå Kyrkjebygda Oppvekstsenter, eit av Nissedal kommune sine offentlege bygg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ja reagerte gjorde også eg når eg las stykket. Eg innser klart at eg må ha «sove i timen», for dette visste eg ikkje. All ære til Russel som såg og handla deretter. Tenk at det måtte ein engelskmann til og vekke meg. Kva har skjedd?

Eg blei veldig lei meg, det gjorde vondt i hjarta. Så les eg slutten på innlegget der rådmann Sverre Sæter, «synes dette er veldig bra og neste gong han møter Russel Thomas vil han rose han for det»! Arroganse? 

Sårheten forsvant og sinne og frustrasjon overtok. Er dette min kommune?

Eg veit veldig godt at rådmannsrolla er  administrasjonen sin leiarstilling og i kraft av sin jobb også sakshandsamar for folkevalgt i kommunestyre og formannskap. Rådmannen har ikkje vedtaksmynde med mindre det ikkje er gjeve han av kommunestyre. Politikarane er folkets tillitsvalde, og er vald til og forvalte lovverket gjennom vedtak.

Alt i 2012 vedtok desse folkevalgte at det  skulle flaggast på alle offisielle flaggdagar  bare på kommunehuset og Nissedal omsorgssenter. Årsak ? Av økonomiske årsaker !!

Det er 15 dagar +  ved Stortingsval som kjem inn under offentlege flaggdagar.

Nissedal sine politiktar går mot Kommunelova ( som klart seier alle offentlege bygg), dei bryr seg ikkje om den historiske verdi, respekten for flagget, arven vi forvalter. Flagget og med det godkjente flaggreglar som blei vedteke av Stortinget 1933, justering frå 1899, sist justert 2018, er eit samlande symbol for heile landet. Fellesskap i dette vakre ,uansett kor du bur i landet vårt. Det gjer noko med ein når det lyser og vaier i vinden. Du veit det kanskje ikkje, men det er ei helsing til alle i bygd og by, vi står saman i respekt for det som samler, det er  trygt varmt og godt.

Det er nok diverre ikkje bare min kommune, Nissedal kommune, som har gjeve rom for likgyldigheten, andre kommuner i landet vårt, også fylkeskommunar,  har bryte loven med sine vedtak  om innskrenka flagging på sine offentlege bygg, og årsaken er pengar, fint formulert som «den økonomiske situasjonen»

Artikkelen held fram under annonsen.

Utuleg, dette er lommepengar, ja ikkje det ein gong, lommerusk, i budsjett som tel millionar…

Kor mange offentleg bygg har vi i Nissedal 6 – 7? Skal desse bygga  med å fylgje flagglova, true kommuneøkonomien?

Kva med signala som blir gitt til ungdomen med slike smålege vedtak. 

Ikkje såå viktig med den historiske arven, oversjå loven, likegyldigheten over fellesskapet sitt samlande symbol, forflate respekten for den verdien det ligg i flagget vårt, alt medan ein tel pengar!