Vogntog i trøbbel – vegen mellom Haukeli og Hovden er no open att

Politiet melder om at det er full stopp på strekninga mellom Haukeli og Hovden. Hengaren til eit vogntog er utanfor køyrebanen.

Bilbergar er på veg, melder politiet.

Klokka 11.08 meldte politiet at vogntoget var fjerna og at trafikken gjekk som normalt att.