Solveig Sundbø Abrahamsen meiner reiselivsbedriftene ikkje treng å frykte dobling av momsen.
Solveig Sundbø Abrahamsen meiner reiselivsbedriftene ikkje treng å frykte dobling av momsen.

Trur moms-forslag blir lagt i skuffen

Stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen er trygg på at det ikkje blir lik moms for alle, slik reiselivsbedriftene fryktar.

Reiselivsbedriftene er uroa etter at eit utval har føreslått lik moms for alle på 23–25 prosent. Det betyr ei momsdobling for bedrifter som Rauland skisenter, Straand hotell, Dyrsku’n og Telemark Bilruter.

– Dette er ikkje eit framlegg frå regjeringa eller finansdepartementet, men ei utgreiing frå eit ekspertutval som har foreslått ein sats i staden for ulike satsar. Eg er undrande til ein slik konklusjon. Det er i framlegget ikkje tatt høgde for konsekvensane som til dømes desse reiselivsbedriftene er uroa for, seier Solveig Sundbø Abrahamsen (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho skjønar reaksjonane – om framlegget ville blitt ein realitet. Men det ser ho som urealistisk.

– Stalltipset mitt er at dette blir lagt i ein skuff, noko som vil vera ein god idé, seier stortingsrepresentanten frå Flatdal, og legg til at signala frå finansminister Siv Jensen har vore tydelege i saka.

– Eg vil dempe denne uroa bedriftene har. Det blir ingen endringar i statsbudsjettet for 2020. Endringar kan kome, men ikkje så dramatiske som foreslått, er Abrahamsen klar på.

Les ogsåReiselivsbedriftene fryktar for eigen eksistens om meirverdiavgifta blir dobla