Tre skular, fire valvinnarar

På Kvitsund gymnas i Kviteseid var det som vanleg KrF som blei den store vinnaren. Meir enn halvparten av elevane (52,8 prosent) røysta på partiet. Heile 179 av dei 186 elevane (96,2 prosent) røysta. Partiet har vunne alle skulevala på Kvitsund sidan 1993. Størst var oppslutninga til stortingsvalet i 2007. Då fekk KrF 71,1 prosent av røystene. Ved kommuneval var oppslutninga størst i 2009 (64,1 prosent).

Etter at Arbeidarpartiet har vore det største partiet i skulevalet på den vidaregåande skulen på Dalen sidan 2009, var det i år Senterpartiet som blei vinnaren blant elevane. Partiet fekk 38,3 prosent av røystene. Ap fylgde rett bak med 36,9. 159 av 193 elevar røysta på Dalen. Det gjev ein frammøteprosent på 82,4.

Artikkelen held fram under annonsen.

På den vidaregåande avdelinga i Seljord var det ytterpartia som fekk størst oppslutning. Både Frp og SV fekk her 22,6 prosent av røystene. 70 av dei 87 elvane røysta i skulevalet (80,5 prosent).

Arbeidarpartiet blei det største partiet ved skulevalet i heile Telemark med 36,3 prosent. Høgre fekk 13,2, Frp 10,5, og SV 8,8 prosent ved valet. Senterpartiet gjorde også eit godt val og fekk 8,7 prosent – nesten dobbelt så mykje som for fire år sidan.