Ap og Tarjei Gjelstad fekk flest stemmer i Kviteseid med 37,2 prosent.
Ap og Tarjei Gjelstad fekk flest stemmer i Kviteseid med 37,2 prosent. Foto: Kari Smeland

Tarjei og Tarjei kan halde fram i Kviteseid

Om KrF vel å halde fram samarbeidet med Arbeidarpartiet, kan Tarjei Gjelstad vere sikra ordførarklubba dei neste fire åra også. Saman ligg dei an til å få ni representantar i kommunestyret.

Arbeidarpartiet fekk 37,2 prosent av røystene i Kviteseid kommune. Partiet ligg an til å få sju av 17 representantar i det nye kommunestyret. 

– Me gjorde eit brakval i 2015 og er godt fornøgde med å få 37 prosent av røystene ved årets val. Nesten fire av ti kviteseidingar synest me har gjort ein jobb,seier Tarjei Gjelstad. 

Vil snakke med alle

Om det framleis blir samarbeid med KrF er uvisst. 

– Me vil snakka med alle, seier Gjelstad. 

Senterpartiet er partiet som aukar mest i Kviteseid, og får 33,5 prosent av røystene – og dermed 6 representantar i det nye kommunestyret. KrF landa på 12,6 prosent av stemmene og får 2 representantar, medan Høgre og MDG får ein representant kvar med 8,2 prosent og 6,5 prosent stemmer.

Venstre fekk 2 prosent av stemmene og er dermed ute av kommunestyret.