På valvaka på Treungen gjestgiveri var det mange nøgde folk. Framme er Kristine Sandall og Halvor Homme.
På valvaka på Treungen gjestgiveri var det mange nøgde folk. Framme er Kristine Sandall og Halvor Homme.

Sp kan bli større enn Ap i Nissedal – tre røyster skil

Nissedal Ap har berre tre røyster fleire enn Sp. I morgon kan resultatet snu seg. Då må Ap også ha hjelp av KrF i tillegg til Høgre for å halde på ordførarvervet.

Medan Ap i Nissedal fekk 309 røyster i kommunevalet, noko som gjev sju mandat, gjorde Sp eit brakval med 306 røyster og seks mandat. Det kan bli endring i morgon ettermiddag når ein skal ta med rundt 20 røyster som ennå ikkje er talde opp.

– Dette er tidenes beste val for Nissedal Sp, og det er daudt løp med Ap. Men slik det ser ut nå, med førebelse tal og at Høgre har forplikta seg til Ap, er sjansen lik null for at Sp får ordføraren, seier toppkandidaten Ian Parry-Jones.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagens ordførar Halvor Homme (Ap) er storfornøgd med at partiet hans held stand i tid med Sp-bølge over heile landet.

– Derfor er det spesielt gledeleg at me ser ut til å få sju mandat, men eg er svært imponert over valresultatet til Sp. Held kveldens resultat seg, fortset eg som ordførar, seier Homme.

Høgre går opp frå eitt til to mandat, og ved å slå seg saman med Ap har dei to partia fleirtal ut frå kveldens resultat.

Ian Parry-Jones måtte berre innom teljelokalet for å få valresultatet så fort som mogleg, og det viste seg at Sp hadde gjort eit kjempeval.
Ian Parry-Jones måtte berre innom teljelokalet for å få valresultatet så fort som mogleg, og det viste seg at Sp hadde gjort eit kjempeval.

– Me i Høgre har sagt at me skal stø Homme som ordførar, og det står me fast på. Og så har Høgre gjort eit veldig godt val, seier toppkandidaten Kristine Sandall.

– Blir du varaordførar?

– Det får tida vise. Skulle det bli aktuelt er Høgre klar til å ta eit slikt verv, svarar Sandall.

Onsdag skal Ap, KrF og Høgre møtast for samtaler.

– Eg håpar me tre partia kjem til semje, seier Homme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Valdeltakinga i Nissedal var på heile 80 prosent.