Kjell Sverre Thoresen (Sp).
Kjell Sverre Thoresen (Sp). Foto: Geir Ufs

Skjervagen held fram som ordførar

Det blei eit svært spennande val i Fyresdal, men Ap ser ut til å lande med fleirtal.

Ap i Fyresdal fekk 52,4 prosent av røystene (397 røyster), når det manglar nokon førehandsrøyster.

– Dette er heilt på håret, seier Skjervagen (Ap), og ser spent på mandatfordelinga.

Ni mandat til Ap, seks til Sp og to til H, viser utrekninga.

– Me har vunne dette, heilt sikkert, seier Skjervagen.

Sp fekk 249 røyster, 32,9 prosent.

– Slik det ser ut nå har Skjervagen vunne, seier Kjell Sverre Thoresen (Sp)

Høgre fekk 11,7 prosent av røystene, 89 røyster.

Usikker

På valvaka i Teisner-kafeen i næringshagen i Fyresdal er ordførarkandidat Tor Bendik Midtgarden (H) blant dei som er tidleg på plass.

– Kva følelse har du om valresultatet?

– Eg er veldig usikker. Det kan tippe i alle retningar, svarar Midtgarden, sa han før dei fyrste resultata var klare.

Han står elles fast på det som Høgre og Sp har blitt samde om før valet. Får dei to partia fleirtal saman, er det partiet med flest røyster som skal ha ordførarvervet.

I teljelokalet sit ordførarkandidatane Erik Skjervagen (Ap) og Kjell Sverre Thoresen.

­– Eg er spent, seier Thoresen rett før han skal hjelpe med å telje vallister.

Førehandsrøystinga i Fyresdal viste 88 røyster til Ap, 59 til Sp og 18 til Høgre. Det vil seie at dei to siste partia ikkje klarte å få fleirtalet av desse røystene.

Medan frammøteprosenten var 66,4 ved kommunestyrevalet i Fyresdal for fire år sidan, kom prosenten denne gongen opp i heile 74,1 (757 røyster).

Ved fylkestingvalet fekk Sp aller flest røyster; 281. Ap kom opp i 238 og Høgre 28. Det er berre nokon få røyster som manglar i denne oppteljinga i Fyresdal. Det same gjeld nokon førehandsrøyster til kommunevalet, røyster som skal vere på plass og blir offentleggjort i morgon ettermiddag.