Terje Riis-Johansen (Sp).
Terje Riis-Johansen (Sp). Foto: Geir Ufs

Riis-Johansen blir ny fylkesordførar

Senterpartiet, Arbeidarpartiet og SV skal styre det nye fylket Vestfold og Telemark dei neste fire åra.

Terje Riis-Johansen (Sp) blir fylkesordførar med Sven Tore Løkslid (Ap) som fylkesvaraordførar, skrivTelemarksavisa.

– Det er blitt eit raudgrønst fleirtal i eit nytt fylke der det fort kunne blitt eit sterkt høgre, seier Terje Aasland, leiar av Telemark Ap til avisa.

SV er med i samarbeidet, og Ådne Naper skal leie eitt av hovudutvala.

Raudt blir støtteparti, skriv avisa.