Aase Venås (t.v) trur at me vil sjå ei auke i valdeltakinga i år. Ho og Karin Susanne Lauvstad opplever at mange fleire unge enn tidlegare har vore og stemt.
Aase Venås (t.v) trur at me vil sjå ei auke i valdeltakinga i år. Ho og Karin Susanne Lauvstad opplever at mange fleire unge enn tidlegare har vore og stemt.

– Overraskande mange unge som stemmer

– Valdeltakinga i Seljord ser ut til å bli betre enn for fire år sidan, meiner Aase Venås som er ansvarleg i stemmelokala på Granvin.VTB har vore i Åmotsdal, Flatdal og Seljord og sjekka valstemninga. Alle me møtte med unntak av ein hadde stemt eller skulle stemme.

Det er stille på vegen i Åmotsdal, men i vallokala på grendehuset er det eit jamt sig av åmotsdølar som vil gjere borgarplikta si.

– Det som tel mest er å stemme på dei som vil halde sentraliseringa unna, seier Einar Dyrland frå Dyrlandsdalen

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me som bur her i fjellbygdene må passe på. Alt skal til sentrum i dag, og det likar eg ikkje, seier han.

Sentraliseringa engasjerer

– Det som har vore avgjerande for meg er kva partia står for i forhold til å bu i distrikta. Det er viktig at eg har dei tilboda eg treng der eg vil bu, seier Ingrid Vibeke Snarteland etter at ho har levert stemmene sine til fylkes- og kommunevalet. Ho fortel at ho flytta til Åmotsdal og kjøpte ein gard der i 2002.

– Den einaste gongen eg ikkje har stemt, var då eg studerte i utlandet, fortel ho.

Det er viktig for meg kva partia står for i forhold til det å bu i distrikta, seier Inger Vibeke Snarteland.
Det er viktig for meg kva partia står for i forhold til det å bu i distrikta, seier Inger Vibeke Snarteland.
Trine Elisabeth Jonassen var på jobb på Joker og skulle ut og stemme etter jobb. Ho meiner det er viktig å stemme på dei ho trur kan få gjennomslag for sjukeheim og skule.
Trine Elisabeth Jonassen var på jobb på Joker og skulle ut og stemme etter jobb. Ho meiner det er viktig å stemme på dei ho trur kan få gjennomslag for sjukeheim og skule.
Hanne Kåsen er meir enn gjennomsnitleg opptatt av politikk og og skulle bruke lunsjen til å få stemt.
Hanne Kåsen er meir enn gjennomsnitleg opptatt av politikk og og skulle bruke lunsjen til å få stemt.
Sverre Haugsvold hadde stemt tidleg på valdagen og meiner det er viktig å gjere borgarplikta si.
Sverre Haugsvold hadde stemt tidleg på valdagen og meiner det er viktig å gjere borgarplikta si.
Wenche Barstad fortel at ho denne gongen fekk ho hjelp av valgomaten til å ta avgjerda om kven ho skulle stemme på. 
Eivind Dyrland (f.v), Jane Kolsnes og Anne Bente Kasland Groven ser til at alt går føre seg som det skal i vallokalet.
Wenche Barstad fortel at ho denne gongen fekk ho hjelp av valgomaten til å ta avgjerda om kven ho skulle stemme på. Eivind Dyrland (f.v), Jane Kolsnes og Anne Bente Kasland Groven ser til at alt går føre seg som det skal i vallokalet.

Også Wenche Barstad meiner at distriktspolitikken er viktig. Ho fortel at ho har nytta valgomaten denne gongen, for å ta avgjerda om kven ho skulle gje stemma si til.

– Eg synest ikkje det har vore så lett å få med seg alt, men det landa på det partiet eg trudde vil gjere det beste for oss. For meg er eldreomsorg og skule viktig. Og å halde sentraliseringa unna, slik at me i utkantane også kan ha levedyktige samfunn, seier Barstad.

Stemmerett er ei plikt

Klokka 10 har det vore om lag 15 personar inne og stemt. Jane Kolsnes og Anne Bente Kasland Groven er vakter i vallokalet i Åmotsdal saman med Eivind Dyrland.

– Eg har ikkje stemt enno, seier Jane Kasland, men det er berre å kome seg over i avlukket å få gjort det.

– Eg må gjere mi plikt. Har du ikkje stemt, har du ingenting du skal ha sagt, meiner ho, men blir usikker på om det kanskje er ei litt for sterk påstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er dumt å ikkje stemme. Kva vil du ha i staden for stemmerett?

– Å stemme er det minste ein kan gjere, seier Eivind Dyrland.

– Og her på bygda veg kvar stemme meir. Det vippar fortare når me er færre, legg Anne Bente Kasland Groven til før Håvard Aarbakk kjem inn døra.

Personane er viktige

Aarbakk meiner at det er viktig kven som står på vallistene. Han har alltid stemt, men har ikkje noko fast parti han stemmer på.

Kven eg stemmer på er avhengig av folket på listene, og kva dei står for lokalt. Helse og omsorg, skule og barnehage er viktig. Og distriktspolitikk. Eg er ikkje så veldig for kommunesamanslåing. Då blir det for langt til sentrum i kommunen, seier han.

Skal stemme

På Joker i Flatdal er det stille på ein måndags føremiddag, men Hanne Kåsen og Trine Elisabeth Jonassen er på jobb. Kåsen skal stemme i lunsjen og Jonassen skal stemme etter at ho er ferdig på jobb.

– Eg har alltid stemt, seier Hanne Kåsen som er over gjennomsnittet interessert i politikk og står på Arbeiderpartiet si liste i Seljord.

– For meg er det viktig med eit levande nærmiljø, samt skule og sjukeheimsplassar. Og næringslivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier at hennar inntrykk er at dei fleste i Flatdal har stemt eller skal stemme, men er litt usikker på engasjementet til ungdommen og om dei har stemt.

Trine Elisabeth Jonassen seier ho skal stemme på dei ho trur kan få mykje gjennom av det ho meiner er viktig, som sjukeheim og ta vare på dei eldre, skule og skulemiljø.

Utanfor Joker kjem Sverre Haugsvold, og han har vore og stemt.

– For meg er deg viktig at det er fornuftige folk, at eg har tiltru til dei. Folk kan verke hyggelege før valet, men me må sjå på om dei tåler makt. Det er det ikkje alle som gjer, seier han og legg til at det er viktig å stemme.

– Eg har henta informasjon frå valprogramma og nettet. Eg jobbar på anlegg, så det er ikkje så lett å få tak i lokalavisa når eg er på jobb.   

Ingebjørg Rue sit med ein kaffikopp og lesestoff i kafeen på Telesenteret. Ho seier at det har vore litt opp og ned med valdeltakinga hennar, men i år har ho stemt på førehand.

 Eldreomsorg, arbeidsplassar i Seljord og at det ikkje blir eigedomskatt er viktig for meg, seier ho.

For Rue er sak viktigare enn person.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er litt skummelt. Nokre kan vere koselege, men så forandrar dei seg når dei kjem til makta.

Trur det blir fleire i år

Aase Venås og Karin Susanne Lauvstad sit og tar i mot stemmene på Granvin. Ein liten kø har danna seg på utsida av gamlesalen og nokre av dei som har stemt, sit og pratar og drikk kaffi. Klokka nærmar seg 12 på valdagen.

– I går var det veldig bra og i dag har det vore eit jamt sig. Eg trur det blir betre valdeltaking enn sist i Seljord, seier Venås.

– Mest overraska er eg over kor mange unge som har stemt. Mange fleire enn me har sett tidlegare år.

Einaste som ikkje har stemt?

Utanfor Telesenteret kjem ein politimann gåande. På spørsmål om han har stemt, svarar han nei, og ikkje skal han heller. Det gidder han ikkje.