– Eg har trivst i selskapet i alle år, seier Kjell Sigvart Rinden frå Hauggrend, ein av sjåførane som ikkje blir med over i det nye selskapet.
– Eg har trivst i selskapet i alle år, seier Kjell Sigvart Rinden frå Hauggrend, ein av sjåførane som ikkje blir med over i det nye selskapet.

Nå er 110 års busshistorie over

Denne helga smøygjer den siste raude og grå bussen med reinsdyr på sida seg fram på vegane i Vest-Telemark. Frå 1. juli tek Vy over lokalrutene.

Telemark bilruter tapa anbodet om lokalrutene i Vest-Telemark, og dermed blir det ein ny busskvardag over helga. Dei siste skulerutene har alt gått, ruter med sjåførar som kjende vegane så inderleg godt, føret og vegskila der dei visste dei måtte vente på den eleven som ofte kom springande med skulesekken dansande på ryggen. Og som kunne smile og dumpe ned i setet: «eg rakk det i dag òg». Men ein bussjåfør i blå luve kastar eit blikk opp i spegelen og ristar litt på hovudet. To fornøgde: den som rakk bussen, og den som sytte for at eleven kom med.

Ny arbeidsgjevar

Skifte av luve blir det nok, men som Vest-Telemark blad tidlege har skrive, får sjåførane jobb i det nye selskapet. Éin av dei som blir med vidare er Hans Kristian Sølyst frå Fardal i Fyresdal. Han har lang erfaring i transportbransjen. I 2011 avvikla han si eiga bedrift Birtedalsbussen. Sølyst dreiv skule-, vare- og postkøyring frå Fyresdal sentrum til Birtedalen, og byrja som sjåfør hjå Telemark bilruter. Me møter han i Seljord ved bygningen som på folkemunne heiter «billaget». Der ventar han på passasjerar som skal vera med kveldsbussen til Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bussen han køyrer i dag er ein såkalla kombibuss, det vil seie at han tek med både passasjerar og varer. Sølyst har lesst opp gods i Seljord frå ein Schenker-bil, varer som skal vestover på strekninga til Fyresdal og Treungen. Etter at han har møtt ein tilsvarande buss i Vrådal og lesst over varene som skal vidare i retning Treungen, held han fram til Fyresdal.

Framleis gods og ekspress

Denne kombinasjonen av gods- og persontransport blir det slutt på frå 1. juli. Disponent i Telemark bilruter, Svein Olav Straand, understrekar at selskapet framleis skal køyre gods for Schenker, men då med lastebil. Han fortel at avtala akkurat er fornya, og presiserer at Telemark bilruter elles held fram med å køyre ekspressbussane. 

{{imageLeft}}

Disponent Svein Olav Straand karakteriserer endringa som skjer som å rive opp rutebildrifta med røtene. Telemark bilruter mister no ein vesentleg del av staben sin til Vy.
Disponent Svein Olav Straand karakteriserer endringa som skjer som å rive opp rutebildrifta med røtene. Telemark bilruter mister no ein vesentleg del av staben sin til Vy.
Desse bussane har transportert både varer og passasjerar. No er dei historie. Heretter vil alt gods gå på lastebil.
Desse bussane har transportert både varer og passasjerar. No er dei historie. Heretter vil alt gods gå på lastebil.
Med 42 år bak seg i selskapet, har Knut Torfinn Berge frå Fyresdal ingen plan om å gje seg. Han held fram som sjåfør på ekspressbussane til Telemark bilruter.
Med 42 år bak seg i selskapet, har Knut Torfinn Berge frå Fyresdal ingen plan om å gje seg. Han held fram som sjåfør på ekspressbussane til Telemark bilruter.
Snart er ikkje desse snåbussane lenger å sjå etter vegane.
Snart er ikkje desse snåbussane lenger å sjå etter vegane.

Straand synest det blir rart å ikkje lenger ha noko med lokalbussane å gjera. 

– No blir det rive opp med røtene det som selskapet er tufta på; lokaltransporten, seier Straand. Han fortel at den fyrste bilruta i Vest-Telemark gjekk frå Fyresdal til Bandaksli, som den gongen var ein sentral stad med båtanløp. Selskapet som opertere på strekninga var Fyresdal Automobilselskap, som var stifta i 1910. Dette selskapet er berre eitt av mange rutebilselskap i Vest-Telemark som med tida har vorte samanslegne til det som i 1972 blei Vest-Telemark bilruter. I 1998 vart selskapet fusjonert med Grenland Nord trafikkselskap og fekk namnet Telemark bilruter.

30–35 bussar skal seljast

Dermed er ein 110 år lang samanhengande epoke over for rutebilane som har røtene sine i Vest-Telemark. Av historia til Telemark bilruter går det fram at den fyrste bilen som gjekk i rute i Vest-Telemark var ein franskbygd bil «La Buire», med registreringsnummer H7. Kor mange lokalkøyretøy, både lange og stutte, som har smøygd seg fram langs bratte og smale vegar i Vest-Telemark i dei 110 åra som har gått, er umogeleg å spekulere i. Men nå sit i alle fall Telemark bilruter med mellom 30 og 35 bussar som er til overs. Straand fortel at dei fleste alt er avhenda.

{{imageLeft}}

– Bussane er selde til oppkjøparar, så dei går gjerne til eksport, trur han. Kven veit – kan hende møter me brått Lårdalsbussen i Kviterussland eller Øyfjellruta i Usbekistan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mistar ein tredel av staben

Straand fortel at det er 28 av sjåførane i Telemark bilruter som no går over til Vy, det vil seie kring 30 prosent av staben.

– I denne prosessen som har vore har det også vore mange sjåførar som har sagt opp og byrja i andre yrke, seier disponenten.

Ein av dei som sluttar er Kjell Sigvart Rinden. Han er 73 år gamal og blir no pensjonist på heiltid. Me møter han på den aller siste arbeidsdagen. Han reiste heimanfrå Hauggrend i føremiddag for å starte ruta som gjekk 12.15 frå Fyresdal. No ventar han i Seljord på Haukeliekspressen før han tek med seg gods og passasjerar tilbake klokka 17.05.

Rinden synest det blir vemodig å ikkje lenger skulle sjå bussane med dei velkjende fargane på vegane. 73-åringen har heile livet hatt eit nært og godt tilhøve til bussane. 

– Då eg gjekk på skulen bruka eg buss kvar dag heimanfrå og dei seks kilometrane langs Vrådalsstrondi til Sinnes skule. Den gongen heitte selskapet FVN (Fyresdal, Vrådal og Nissedal – skipa i 1951, med stamtavle tilbake til Tjostolf Fossli si bilrute som han starta kring 1920. FVN blei ein del av Vest-Telemark bilruter i 1972. red.mrk.), og hadde bussar som var raude og grå med ei grøn stripe på midten. Alt då drøymde eg nok om å bli bussjåfør, smiler han.

{{imageLeft}}

Sluttar etter 42 år

Rinden minnest godt kva dag han byrja som bussjåfør, som var 8. mai i 1977. Fyrste ruta han køyrde var Vråliosen–Dalen–Eidsborg og til Høydalsmo. Elles har han vore borti nesten alt av transport i selskapet. Han har køyrd skulebuss i mange år og gått i fast turnus på lokalruter. Utanom lokalbussane har han også mykje erfaring frå turbusskøyring og som sjåfør på Haukeliekspressen.  

– Eg har trivst i selskapet i alle år, seier Rinden på den siste dagen som fast tilsett i Telemark bilruter.

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av dei 42 åra som bussjåfør har han handtert mange ulike køyretøy.

– Kva er den beste bussen du har hatt?

– Det må vera ein Scania 121 som blei bruka som fast turbil på fyrste halvdel av 1990-talet. Det var ein grombil, smiler Rinden, medan han triv veska og er klar for å hjelpe folk med bagasjen dei skal ha med seg på bussen.

Etter det som har kome fram, blir rutetilbodet stort sett det same med Vy. Bussane vil framleis korrespondere, men det vil ikkje bli mogeleg å kjøpe gjennomgåande billett mellom ekspressbussane til Telemark bilruter og lokalbussane til Vy. 

– Ein veldig god arbeidsplass

Telemarksekspressen, som litt seinare på dagen svingar inn på plassen framom bilrutene sitt hovudsete i Seljord, har også ein veteransjåfør bak rattet. Knut Torfinn Berge frå Fyresdal byrja i det som den gongen heitte Vest-Telemark bilruter 2. mai 1977, og har tilliks med Kjell Sigvart Rinden 42 år bak seg hjå same arbeidsgjevaren. Skilnaden er at Berge, som blei alderspensjonist i 2012, framleis vil halde på som sjåfør på ekspressbussane til Telemark bilruter. 

{{imageLeft}}

Den aller fyrste jobben hans i rutebilselskapet var på Arendals-ruta, ei Linjegods-rute som Vest-Telemark bilruter dreiv. Etter åtte år på denne ruta gjekk han over til å køyre kombibuss, altså både passasjerar og gods, frå Fyresdal til Arendal. Ruta gjekk ned ein dag, og opp att neste dag, så då var det hybeltilvære i byen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå 1985 har det vore mest buss-køyring. På 1990-talet hadde han mykje turkøyring heile somarane. Då var han over store delar av Europa, både aust og vest. Det var på ein av desse turane at dei to bussane som var i fylgje, hadde stoppa i ein liten by i Tyskland for å overnatte, og om kvelden var passasjerane ute og rusla der. Så også sjåførane. Då høyrde Berge den eine dama seie til den andre: «Det var jo noen kjekke sjåfører, da.» «Ja», svara den andre, «og så pene i tøyet, da».

Som mange andre av sjåførane med lang fartstid i transportselskapet har Berge køyrd mange ulike lokalruter. Men han har også vore i rute ut av fylket. To sesongar, 2012 og 2013, hadde han arbeidsstaden sin på Suleskardekspressen. Elles har fyresdølenerfaring med å vera den lokale bussjåføren i bygda.

– Når folk ringer klokka halv åtte fyrste pinsedag for å spørje kor tid bussen går på tysdag ...

Før han parkerer bussen legg han til at rutebilselskapet er ein veldig bra arbeidsplass.

– Elles hadde eg vel ikkje vore her så lenge, smiler den nøgde 74-åringen.

 

* Telemark bilruter har røter tilbake til 1910. Opp gjennom åra har desse selskapa i Vest-Telemark vore slegne saman til det som i 1972 blei Vest-Telemark bilruter: Automobillaget Haukeli (1911), Grungedal billag (1919), Vinje kommunale billag (1919), Åmdalsverk–Dalen (1927), Fyresdal automobilselskap (1910), Fyresdal kommunale bilrute (1920), Tjostolf Fossli si bilrute (1920), Straand billag (1930), L/L Lastebil (1918), Lårdal/Høydalsmo/Øyfjell (1920). Rauland/Lårdal (1935), Fyresdal/Vrådal/Nissedal (1951) og Seljord automobillag (1919).

* Då Telemark fylkeskommune lyste ute rutepakka for Vest-Telemark kom berre to tilbydarar på banen; Telemark bilruter med vel 26 millionar og Vy med vel 20 millionar kroner i tilskot per år.

* 28 sjåførar, kring 30 prosent av staben i Telemark bilruter, går no over til Vy.

* Mellom 30 og 35 lokalbussar, store og små, skal seljast. Ein del er alt selde til oppkjøparar. 

* Telemark bilruter skal framleis køyre Haukeli- og Telemarkekspressen, og ha godstransport for Schenker.

* Då Telemark fylkeskommune lyste ute rutepakka for Vest-Telemark kom berre to tilbydarar på banen; Telemark bilruter med vel 26 millionar og Vy med vel 20 millionar kroner i tilskot per år.

(Kjelder: telemarkbil.no, disponent Straand og Telemark fylkeskommune)