Men Magnus Krog må endå smørje seg med tolmod før han får hoppe.
Men Magnus Krog må endå smørje seg med tolmod før han får hoppe.

Magnus tilbake i trening, men må vente ei veke til før han får hoppe

Sjølv om han går som normalt på rulleski får ikkje 32-åringen lov til å prøve seg i bakken.

Måndag presenterte kombinertlandslaget ei liste med 11 utøvarar til helgas verdscuprenn på Lillehammer. Magnus Krog var blant dei påmeldte, og 32-åringen var optimist då VTB snakka med han i føremiddag. 

– Eg har hatt ei rulleskiøkt i dag og det fungerte heilt normalt, så får me sjå om eg får klarsignal til å hoppe. Då blir det ei økt i bakken onsdag. Eg føler meg mykje betre og skal i alle fall vera klar til Ramsau (20. – 22. desember).

Artikkelen held fram under annonsen.

I ettermiddag blei det klart at Krog ikkje får klarsignal av helsepersonell til å hoppe. 

I tillegg til eit par økter på tredemølla har han trena spenst utan raske bevegelsar. 

– Eg trur ikkje eg har mista så mykje grunnlag på grunn av skaden, seier han. 

Det var i hopprennet i NM i midten av november at det gjekk gale i landinga for 32-åringen frå Høydalsmo. På sjukehuset i Falun blei det konstatert at det ikkje var nokon brot, men MR i Oslo viste at det var ein kraftig skade på den eine muskelen framom nakkevirvlane.

Det er lagkonkurranse laurdag og individuelt renn sundag i OL-byen frå 1993. Noreg har nasjonal kvote som gjer at dei sender 11 utøvarar til verdscuprenna.

Dominerte sesongopninga

Det norske kombinertlandslaget fekk ein draumestart på sesongen då dei tapetserte verdscuppallen fredag, laurdag og sundag. Jarl Magnus Riiber vann alle dei tre renna i helga. Samanlagt i verdscupen er det fire nordmenn på topp. Bak Riiber fylgjer Jens Lurås Oftebro, Jørgen Graabak og Espen Bjørnstad. Med slike resultat blir det eit trongt nålauge for Magnus Krog å få plass på verdas – for tida – beste kombinertlandslag.

– Blir du motivert eller skremd av slike resultat?

– Begge delar, svarar Krog. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er motiverande å sjå nivået, men eg er ikkje overraska. Det som er overraskande er at avstanden ned til dei andre er så stor, legg han til.