Sjøormporten opnar laurdag kveld.
Sjøormporten opnar laurdag kveld.

Laurdagskvelden opnar vegen mellom Seljord og Bø att

Fram til 6. januar er det mogleg å køyre Rv36 frå Seljord til Bø.

Fram til 13. desember vil det vera redusert framkome langs Seljordsvatnet. Sjøormporten har no vore gjennom omfattande rehabilitering. All innreiing er rive ned og erstatta med ny.

– Me har nå montert det meste av ljos og installasjonar som skal gjerast. I løpet av kvelden laurdag vil me fjerne den fysiske sperringa av vegen, opplyser Ingar Reinskås, byggleiar for tunnelrehabiliteringa i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå 13. desember til 6. januar vil vegen vera heilt open.

Samtidig med stenginga har ei opp til 60 meter høg fjellskering blitt sikra for å betre tryggleiken for dei som køyrer.

Frå 6. januar byrjar nytt anleggsarbeid på Rv36 og då blir vegen heilt stengt fram til 1. mai.

Vegen på Garvikstrondi vil framleis vera ljosregulert sjølv om Rv36 er open.

Meir om vegprosjekta på Rv36