Sagene i Oslo er heime for Eivind Øygarden no. Det er her han bur, arbeider, drikk kaffi og spelar pingpong utanfor samfunnshuset.
Sagene i Oslo er heime for Eivind Øygarden no. Det er her han bur, arbeider, drikk kaffi og spelar pingpong utanfor samfunnshuset.

Kunne vore kvedar

Noregs beste engelskspråklege rappar voks opp i eit byggjefelt i Vest-Telemark.

Det finst ikkje tal på kor mange Eivind Øygarden som har levd i Vinje og Vest-Telemark gjennom tidene. Men det finst tal på kor mange av dei som har drive med hiphop i årevis og blitt kalla Noregs beste engelskspråklege rappar:

Ein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvar er DJ-en?

Klokka er 20.10 onsdag 6. august. Staden er Tøyenparken i Oslo, og det er Øyafestival. Ein av Noregs største og viktigaste musikkfestivalar. På programmet står Ivan Ave. Blant vener kjent som Eivind Øygarden (26) frå Åmot.

Hovudpersonen har nettopp kome til sceneområdet, som er eit telt med namnet «Biblioteket». Det er i ferd med å fyllast opp, og Eivind sjølv virrar rundt, helsar på folk, og kikkar fråverande rundt seg.

– Eg ser etter DJ-en min, han måtte ha noko å eta. Men no må han koma snart, seier Eivind, framleis trippande, men sikker på at DJ Fredfades vil dukke opp i tide – om ikkje akkurat i god tid.

Multipublikum

I løpet av dei neste fem minuttane har DJ-en kome, og Biblioteket, som er den minste Øya-scenen, har fylt seg opp med festivalgjengarar. Dei er på ingen måte ei homogen gruppe. Det er sjølvsagt caps-kledde folk frå hip hopmiljøet der, men også folk med blomar på buksene, folk med ryggsekk frå Blodbanken, småfolk i barnevogn og folk med grånande hår.

Nokre kjem fordi dei har høyrd det før, andre er her for å høyre noko nytt. Musikken til Ivan Ave ber preg av at han er interessert i sjangrane hiphopen har sprunge ut frå. Jazz, funk, soul. Då samlar ein gjerne eit veldig variert og breitt publikum, så lenge kvaliteten er god.

Nokre kjem nok også på konserten fordi dei har lese om den nyaste EP-en hans i Dagbladet. «Etter flere år i den norske hiphop-undergrunnen, begynner vår beste engelskspråklige rapper, Eivind «Ivan Ave» Øygarden nå endelig å få oppmerksomheten han lenge har fortjent, », skreiv dei i mai.

«Like mye anbefalt tilhengere av hiphopens såkalte «gullalder», så vel som godt voksne jazzlyttere», avsluttar dei plateomtala av «Low Jams». Kanskje det forklarar det svært samansette publikumet som har kome for å sjå Ivan Ave og kompani.

Full scene

Klokka har no blitt konsert-tid. Eivind sprett opp på scenen, og trommeslagar Bendik og DJ Fredfades dreg i gang. Jubelen står i telttaket. Det er stappfullt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kom fram då, egoistar. Det er fleire som vil inn, ropar Eivind – eller Ivan – i mikrofonen. På vinjemål.

Den spede starten

Me må spole litt tilbake. Finne ut korleis sonen til kommunelegane i Vinje på 80og 90-talet, Oddny frå Sandnes og Kåre frå Rauland, hamna her.

Det starta, som det ofte gjer, ganske tidleg. Storesystrene kjøpte plater, og 8 år gamle Eivind tjuvlånte dei. Vegen over i hiphopens verd starta med Fugees og Tupac. I 1996 kom Fugees' legendariske album The Score, og to år seinare gjekk Lauryn Hill solo med nesten like legendariske «The miseducation of Lauryn Hill.» Åtte år gamle Eivind var fascinert.

– Eg forstod ikkje kva dei snakka om, men eg forstod atdet var noko viktig, seier han.

Då Eivind var 10 år gamal, flytta familien til Sandnes i Rogaland. Banda heim til Vinje heldt seg sterke, og kompisane hans frå barndomen er framleis dei næraste venene hans. Familiehytta i Vå gjer også at tilknytinga er sterk.

– Eg var ein dårleg rappar

Det er ikkje sikkert at Eivind hadde blitt nokon rappar om dei ikkje hadde flytta. Sjølv om interessa i aller høgste grad var til stades før flyttinga, var det i Sandnes han etter kvart kom inn i eit miljø med utøvande musikarar.

På vidaregåande stod han fyrste gong på scenen som rappar, under Ungdomens kulturmønstring.

– Sjølvsagt var eg ein dårleg rappar. Det er alle i starten, flirer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

No er han ikkje ein dårleg rappar lenger. Han spelar konsertar heile tida, har varma opp for mange store namn, som Mos Def og Talib Kweli. Hiphop-artistar av den gamle skulen. Det er der han ligg, musikalsk sett. Melodiøs, tradisjonell 90tals-hiphop, seier han sjølv.

Eller for å seie som meldaren i Dagbladet (sidan VTB har underskot på hiphopmelderar): «Musikkmessig er 26åringen fra Vinje i Telemark da også som en fin og fløyelsmyk årgangsvin i mylderet av norsk raps ofte mer pubertale halvlitere, med sin enestående teft for både tekst, flow, produksjoner og hiphophistoriske referanser.»

Heime på Sagene

Tida før og etter konserten onsdag har Eivind bruka i artistområdet på Øya. Der er det badebasseng og alt gratis. Dagen derpå er det Øya-torsdag. Eivind er no utan backstagepass, men ser likevel fram til resten av festivalen.

– Det var heilt fantastisk moro å spela i går, konkluderer han.

Han sit på Kaffebrenneriet på Sagene med fin, kvit skjorte, Vans på føtene og kule solbriller på nasen. Drikk traktekaffien deira som visstnok har eit hint av søt frukt og krydder. Det er denne bydelen i Oslo som er heimen hans no. Her arbeider han som lærarvikar og bur i kollektiv med to kameratar. Eivind meiner Oslo er den beste staden å bu i Noreg når ein vil drive med musikk. Han har fleire periodar i USA bak seg òg. Der har han innleidd eit samarbeid med ein musikkprodusent i Los Angeles. Dei sender musikken fram og tilbake mellom seg.

Hiphop og folkemusikk

No søler Eivind kaffi på bordet og byrjar å snakke om hiphop og folkemusikk. Eivind Øygarden – rapparen med med det folkekultur-aktige namnet – trekkjer sterke parallellar mellom hiphop-kulturen og folkemusikk-kulturen. Det handlar om dansen, musikken, rytmen, om å hevde seg, imponere jentene. Og ikkje minst om å formidle tekstar om det daglegdagse og om dei verkeleg store temaa.

– Hadde eg vore fødd for 100 år sidan, ville eg kanskje vore kvedar, smiler Eivind.

Teiknar tidsbilete

Som rappar rekk han å seie fleire ord i kvar låt enn ein kvedar gjer. Veldig mange fleire. Kva er det eigentleg Eivind seier noko om?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg prøvar å skrive tekstar om verda rundt meg og mine folk. Ein kveld i Oslo, eller noko større ...

Så nøler han, ristar litt på hovudet, smiler.

– Ahh. Eg må prøve å finne ord som ikkje er for store.

Så tek han sats:

– Eg trur eg prøvar å dokumentere tida me lever i. Smått og stort, liksom.

Han har lært mykje om å vera audmjuk etter å ha vore i musikkbransjen ei stund. Om kor viktig det er å vera trygg på det ein gjer musikalsk.

– Musikken handlar så mykje om handverket, og så lite om deg sjølv. Eg er oppteken av å fokusere på musikken, ikkje på å få ein radiohit. Bransjen kan hjelpe deg og lyfte deg fram, men han kan lure deg òg.

Album i vinter

Ein EP kjem ut i haust, etter at han nyleg signerte med eit plateselskap i Berlin. Albumet er planlagt utgjeve i vinter. Føler Eivind at gjennombrotet har kome?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei. Ein må ha eit album, noko heilt, noko som viser kva som er min stil. Fram til det er på plass, står eg heller på kanten litt til.

Eg forstod ikkje kva dei snakka om, meneg forstod at det var noko viktig.

Sjølvsagt var eg ein dårleg rappar. Det er alle i starten.

Bransjen kan hjelpe deg og lyfte deg fram, men han kan lure deg òg.