Kaisa Vale er blant J14-spelarane i landet som er tatt ut til samling i Sarpsborg.
Kaisa Vale er blant J14-spelarane i landet som er tatt ut til samling i Sarpsborg.

Kaisa (13) frå Vinje er tatt ut til talentsamling

Kaisa Vale frå Vinje er ei av 39 jenter fødd i 2005 som er tatt ut til talentsamling i Sarpsborg.

Samlinga er frå 21. til 24. mars og samlar spelarar frå heile landet. Det er fyrste gong jenter fødd i 2005 er inne på eit nasjonalt tiltak, og eit signal om at ting spissar seg til. Det er tatt ut to troppar med J14-spelarar.

– Målet med samlinga er fyrst og fremst å gje spelarane inspirasjon og referansar som gjer at dei forhåpentlegvis jobbar endå betre i kvardagen, seier fagansvarleg for landslagsskulen, Håkon Grøttland på fotballforbundet sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

For dei som er fødde eitt år tidlegare nærmar landslagsfotballen seg, og det er tatt ut både tropp til J15-landslaget og eit såkalla skuggelandslag.

I 2017 blei Vale plukka ut som ein av to spelarar frå Telemark til å vera med i «Drømmekampen». 33 barn mellom 8 og 12 skulle freiste lukka mot to eliteseriespelarar. Kaisa er målvakt for Vinje-jentene. 

Les også:Kaisa skal spele draumekamp

Andrea Skarseth - Storhamar

Amalie Mørner - Loddefjord

Ingeborg Stenvold - Lyn

Kaisa Vale - Vinje

Maria Sandvik - Staal

Ida Gustad - Gjøvik-Lyn

Ingeborg Sofie Sætren - Hornindal

Marie Iversen - Sotra

Vilde Hulaas Grøseth - Tiller

Emma Reshane - Nittedal

Eva Charlotte Bang - Brønnøysund

Julie Bruusgaard - Stabæk

Sarah Martiniussen - Mjølner

Alina Gashi - Ørn Horten

Josefine Løvås - Sotra

Thania Ramil Gealon - Rolvsøy

Mawa Sesay - Skiold SBK

Alexandra Martnes - Alta

Mona M.Gundersen - Sørfjell

Linea Andreassen - Vindbjart