Skodespelar Trond Espen Seim og Miriam Kolstad Strand har hovudrollene i filmen «Snekker Andersen og Julenissen Den vesle bygda som glømte at det var Jul».
Skodespelar Trond Espen Seim og Miriam Kolstad Strand har hovudrollene i filmen «Snekker Andersen og Julenissen Den vesle bygda som glømte at det var Jul».

Jolestemning på kinotoppen

Jola kom tidleg i år, viser den norske kinotoppen etter helga.

Inn på førsteplass går den einaste norske filmen på topp fem, nemleg «Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul».

Anders Baasmo og Trond Espen Seim er tilbake i rollane sine som høvesvis jolenisse og snikkar, og har i den første veka, medrekna førpremierar, lokka totalt 82.049 til kinosalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også nykommaren «Last Christmas» vart tatt varmt imot av kinogjengarane. Totalt har 20.632 benka seg ned for å sjå Emilia Clarke i den romantiske komedien.

Les også: Bygdekinoen er klar til å bringe jolestemning til bygda

Tredjeplassen har ein tredje nykommar, actionfilmen «Terminator: Dark Fate». Totalt har 20.535 late seg lokke til kinoane for å sjå dei namngjetne mordarrobotane i fri dressur.

Etter helga måtte «Joker» ta til takke med fjerdeplassen og eit besøk på 11.810. Totalt har 406.766 sett Joaquin Phoenix' mørke og kritikarroste portrett.

Familien Addams rundar av topp fem, med eit besøk denne helga på 5.994. Totalt har no 30.442 kinogjengere fått med seg det siste sprellet til den mørkkledde familien.

 veronica.karlsen@ntb.no