Johannes Lønnestad Flaaten.
Johannes Lønnestad Flaaten. Foto: Privat

Johannes var raskast i tunnelen

Meir enn 60 løparar stilte til start i rulleskirennet i Mælefjelltunnelen laurdag.

Johannes Lønnestad Flaaten var raskast av alle i rulleskirennet i tunnelen laurdag. Skitalentet som går andre året på skigymnaset på Hovden representerer i år Morgedal IL etter at familien har flytta har etablert seg i Seljord. Han bruka 11 minuttar og 59 sekund i det fire kilometer lange tunnelløpet. Flaaten går i klasse 18-19 år. Skiskyttaren Thomas H. Øverland frå Seljord blei nummer tre i denne klassa.

Torjus Tveiten Golid frå Seljord var heilt suveren i 12-årsklassa og blei klokka i mål på 13 minuttar og 33 sekund. I den same klassa blei Petter Lindskog frå IL Rein nummer to. Til topps gjekk også Daniel A. Pedersen, Morgedal IL (G17), Gunhild Kvålseth, Morgedal IL (K18-19) og Kristine Dyrland, Seljord IL (J16).

I J14-klassa gjekk Ingebjørg Skolås, IL Dyre Vaa, og Åsne Austjordet, Høydalsmo IL, inn til høvevsis andre- og tredjeplass, medan Odin Øyre Åland, Vinje IL, og Adria A. Pedersen fekk dei same plassane blant dei jamaldrande gutane.

Eline Noraberg frå Seljord IL blei nummer tre i 15-årsklassa. Olav Haugeberg Midtbø, Vinje IL, blei nummer to i 16-årsklassa.

Ni utøvarar stilte til start i seniorklassa som Arne Steen frå Heddal vann. Tom Andre Haugen frå Høydalsmo IL blei nummer to.

oystein.oygarden@vtb.no