Det er i Tokke flest plar nytte seg av røysteretten sin.
Det er i Tokke flest plar nytte seg av røysteretten sin. Foto: Elisabeth Hagen Kvalem

I dei to siste kommunestyrevala har 7 av 10 tokkebuarar røysta

Færrast nyttar seg av røysteretten sin i Kviteseid kommune.

Ved valet for fire år sidan var det berre i Tokke meir enn 70 prosent av dei røysteføre nytta retten sin til å påverke kven som skulle styre kommunen. Då gjekk 71,4 prosent av dei 1802 som kunne røyste til vallokalet. Fire år tidlegare var talet endå høgare (71,8 prosent).

Kviteseid er kommunen i Vest-Telemark der færrast nyttar røysteretten sin til kommunevalet. For fire år sidan var det ikkje ein gong 6 av 10 kviteseidingar som gjekk til vallokalet (58,8 prosent). I 2011 var talet 60,2 prosent.

Les også: Nesten halvparten av kviteseidingane nyttar ikkje stemmeretten – Kanskje me er for like?

I Nissedal kommune gjekk valdeltakinga monaleg ned frå det solide talet 76,8 i 2011 til 68,9 i 2015. Også Fyresdal hadde meir enn 70 prosent valoppmøte i 2011 (70,2). Her var det 66,7 som røysta i 2015.

Seljordingane er litt meir engasjerte i lokalpolitikken enn naboane i Kviteseid – men berre så vidt. I 2015 var frammøteprosenten 60,8. Fire år tidlegare var talet 62,8.

I Vinje gjekk 61 prosent av dei røysteføre til vallokalet i 2015. Det var ned frå 64,1 prosent i 2011.