Herman Hogstad Sveinsson
Herman Hogstad Sveinsson Foto: Inge Nilsen

Herman er blant dei raskaste 15-åringane i landet

Herman Hogstad Sveinsson frå Seljord var heilt suveren i KM-finalen på 60 meter innandørs på Notodden sist helg.

15-åringen kom i mål på den sterke tida 7,78 i finalen. Tida er blant dei ti beste på landsstatistikken i 15-årsklassa i år, informerer Inge Nilsen i friidrettsgruppa i Seljord. Per Teodor Sørdalen frå Kragerø blei nummer to med tida 8,13.

Like suveren var klubbvenninne frå Seljord, Julie Noraberg Nilsen. Ho har vist over tid at ho er blant dei beste kulestøytarane i landet, og kasta i helga kula 11,93. Det var meir enn fire meter lengre enn Irun Berget Hedegart frå arrangørklubben IL Snøgg som blei nummer to i J18/19 år.