Heider til Kviteseid IL

Idrettsmerkeutvalet i Kviteseid idrettslag har teke premien som beste lag i krinsen i 1984. Kviteseid, som tevlar i klasse 3, kan syne til 66 merke, noko som svarar til 40 prosent av medlemene, fortel Arvid Syftestad til Vest-Telemark Blad. - Ei gledeleg overrasking, og ei fin oppmuntring framfor merkeprøvene i haust, seier Syftestad, og sender ein ekstra takk til elevar ved Kvitsund, som gjorde sitt til å dra prosenten opp. I landssamanheng har Kviteseid plassert seg mellom dei ti beste. 

Les heile avisa frå 1. august 1985