Seljord kommune har vore inne på både sal og riving av den tidlegare institusjonen Heddeli. Nå blir bygget oppgradert og endra innvendig. Kommunen har eit håp om at det er innflyttingsklart til jol i 2020.
Seljord kommune har vore inne på både sal og riving av den tidlegare institusjonen Heddeli. Nå blir bygget oppgradert og endra innvendig. Kommunen har eit håp om at det er innflyttingsklart til jol i 2020. Foto: Tone Tveit

Heddeli skal i framtida huse hjelpemiddelsentral, dagsenter, aktivitetssenter og utleigebustader

Politikarane vedtok ombygging av Heddeli til nesten 8,5 millionar kroner. Kommunen reknar med å spare pengar på å flytte tenester.

I april i år vedtok kommunestyret i Seljord at dei skulle arbeide vidare med nye planar for betongbygget Heddeli. Førre veke vedtok formannskapet ei ombygging av institusjonen som vart reist i 1958.

3D arkitekter har laga digitale teikningar av bygget. Skorve-gruppa har laga eit kostnadsoverslag, som viser at ombygginga kan få ein kostnad på 7,9 millionar kroner. Rådmannen har kome fram til ein totalkostnad, der også opparbeiding av uteområdet er lagt inn, til 8,375 millionar kroner.

Kan spare ved å flytte

Ved ei ombygging av Heddeli kan andre kommunale driftskostnadar også bli endra. Kommunen kan få 85 000 kroner mindre til leige av private husvære, 54 000 kroner mindre utgifter til leige av hjelpemiddelsentral, 188 000 kroner mindre til leige av dagsenter, men det vil bli auka kostnadar på 35 000 kroner til straum og kommunale avgifter og 95 000 kroner i driftskostnadar av Heddeli. Det vil også bli 140 000 kroner i auka inntekter til leige av to frigjevne leiligheitar på Moentunet og kommunen kan få 165 000 kroner i inntekt for utleige av bustadar i andrehøgda av Heddeli, står det i saksutgreiinga.

Kommunen meiner driftskostnadar og driftsreduksjonen viser eit potensial for å spare 500 000 kroner årleg ved å flytte hjelpemiddelsentralen, psykisk helse og dagsenter/aktivitetssenter frå leigde og andre lokale inn i bygget på Heddeli.

– På same tid vil ein få fem bueiningar til utleige for kommunalt tilsette som vil gje inntekt til kommunen. Det er også planar om å selje den kommunale bustaden i Moganvegen 1, som også er dagens dagsenter og kontorlokale på Moen, skriv sakshandsamar Frid Berge.

x
x

Ho viser til at Heddeli-bygget vil, med ei ombygging, gje eit økonomisk positivt bidrag på kommunens botnline med om lag 100 000 kroner årleg i driftsreduksjon.

– Dei tilsette og fagforeiningane er også veldig positive til planane, seier Berge.

Gode løysingar

Arbeidarpartiets Halfdan Haugan lika dei framtidige løysingane på Heddeli.

– Dei er gode og fleksible, og det er heilt rett å gå for dette, uttala han.

Sondre Aasan (Sp) lika også ombyggingsplanen.

– Det er godt at kommunen har bruka tid, og at me beheld tomta og bygget i kommunalt eige. Det er også fint at me fått fylt bygget med aktivitet, sa Aasan.

Carina Thorvaldsen (Frp) var oppteken av at kommunen måtte ta høgde for auka etterspurnad av kommunale bustadar knytt til Heddelitunet i framtida.

– Det vil vere smart å tenke langsiktig, uttala ho.

Berge sa bygget i seg sjølv blir ikkje endra.

– Me låser oss ikkje for framtida, men me fjernar oss frå at bygget er ein institusjon. Me byggjer nytt ventilasjonsanlegg og oppgraderer det elektriske. Men slik bueiningane i øvste etasje er tenkt nå blir dei ikkje vere universelt forma ut, dei vil vere for funksjonsfriske. Det er også ein heis i bygget, men den blir låst av, kommunen har ikkje økonomi til ein reparasjon av denne nå, uttala Berge.

Saka skal til endeleg handsaming i kommunestyret 12. desember.