Hilde Alice Vågslid (Ap)
Hilde Alice Vågslid (Ap)

Håpefull stemning på Ap-valvake i Tokke

- Eg er absolutt spent. Eg kan ikkje late som noko anna, seier Hilde Alice Vågslid.

Ordførarkandidat for Tokke Arbeidarparti, Hilde Alice Vågslid, fortel at ho har kjent på kroppen at dette ikkje er ein vanleg måndag.

– Det er eg nok ikkje aleine om, smiler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt oppmøte

Ho håpar at valdeltakinga har vore god. Når det kjem til valresultatet håpar ho på det beste, men fryktar det verste.

– Me håpar folk har lagt merke til at me har vore synlege sjølv om det har vore ein veldig Sp-vind. Håpet er der til siste røyst er talt, seier Vågslid.

Tove Palmork Haavelmoen, som er leiar for Tokke Ap, synest det er på tide med eit skifte fordi ho vil ha meir forutsigbarheit.

– Det blir uansett viktig med god kommunikasjon mellom partia, seier ho.

Klokka 20.00 var nær 30 personar samla på valvaken til Tokke Ap.