Børre Rønningen (t.v.) var einaste representant som ikkje ynskjer datasenter i kommunen. Kjellfrid Neset og Bertin Bjåen til høgre.
Børre Rønningen (t.v.) var einaste representant som ikkje ynskjer datasenter i kommunen. Kjellfrid Neset og Bertin Bjåen til høgre. Foto: Olav Åsen Haugsgjerd

Går vidare med datalagringssenter

Kommunestyret i Vinje vedtok vilkår for konsesjonskrafta dei ynskjer å selje til eit eventuelt datalagringssenter som dei ynskjer å få etablert i kommunen.

Rådmann, Jan Myrekrok ynskte at kommunen skulle vedta kva vilkår eventuelle datalagringssenter kunne vente seg å få av Vinje.

– Kommunens rådgjevarar peika på at større straumkundar ønskjer å få til langsiktige avtalar ved kjøp av kraft, først og fremst for å få større føreseielegheit på utgiftssida, står det i saksutgreiinga.

– Kommunen er difor utfordra på å gjere eit politisk vedtak på eit tilbod om fastpris på ei bestemt kraftmengde i eit gitt tidsrom, som grunnlag for ei etablering. Heilt konkret er det tale om 40 til 45 GWH, med ein fastpris på 26,5 øre per KWH over 36 månader. Prisen er parallell med det ein annan kommune med ledig konsesjonskraft vil legge seg på, skriv rådmannen.

– 40 til 45 GWH utgjer om lag ein fjerdedel av den unytta delen av konsesjonskrafta i Vinje, og vil gje kommunen auka inntekter frå kraftsal.

Børre Rønningen (Ap) var einaste representant i kommunestyret som røysta mot vedtaket.

– Eg synest det er vanskeleg å røyste for med høve til plasseringa ved Vinje kraftverk som har vore nemnd. Det gjeld særleg støy og estetikk. Eg synest det ein ikkje må bli for grådig, og tenkje på naturen sa han.

Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) sa at ei sak om støy og estetikk kjem til kommunestyret.

– Me skal ikkje ha kryptovaluta eller kinesiske containerar som står att, slik det har vore oppslag i media frå andre stader. Me skal ha våre vilkår og krav. Det hadde vore bra om dette kunne føre til fleire arbeidsplassar, men det viktigaste er at kommunen får brukt meir av konsesjonskrafta. Ei røfleg overslag viser at ein kan kanskje rekne med 14 millionar i inntekter i året frå sal av eiga kraft, sa Kleven.

Framtida treng meir datalagring

Varaordførar Øystein Høgetveit (SV) hadde også trua.

– Eg har god tru på dette. Kommunen treng nye inntekter i framtida. Ein skal vere streng i høve til miljøkrav og støy og estetikk. Samstundes er det vanskeleg å så andre etableringar med mindre støy, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rønningen ynskte å røyste annleis enn si eiga partigruppe.

– Me høve til at tanken er å etablere dette ved Vinjevatn, undrar eg på om kva ein tenkjer om friområdet. Det er mange som nyttar dette friområdet, sa han.

Kommunestyret, bortsett frå Rønningen, slutta seg til framlegget frå formannskapet.

Kommunestyret får tilbake sak om etablering, som også omhandlar tema som støy, estetikk og arbeidsplasspotensial, når det ligg føre ein konkret interessent, står det i punkt to av vedtaket.

olav@vtb.no