Utøvarar frå Seljord, Snøgg og Urædd. Seljord IL hadde med seg 5 utøvarar; Herman Hogstad Sveinsson, Brage Kleiva Romtveit, Kristian Elieftsjønn Berntsen, Emma Hagen og Innocent.
Utøvarar frå Seljord, Snøgg og Urædd. Seljord IL hadde med seg 5 utøvarar; Herman Hogstad Sveinsson, Brage Kleiva Romtveit, Kristian Elieftsjønn Berntsen, Emma Hagen og Innocent.

Friidrettstalenta frå Seljord med effektive treningar innandørs i Bærum

Friidrettsgruppa i Seljord leigde i helga Rudhallen i Bærum for effektive treningar.

Seljord IL gjekk saman med Urædd friidrett og Snøgg friidrett om å leige innandørshallen i tre timar laurdag. Ein samla tropp på om lag 30 utøvarar fekk to effektive treningar inne i den store friidrettshallen i Bærum.

Samarbeid

Med trenarar i mellomdistanse, kast, sprint, lengde, høgde og stavsprang fekk utøvarane ein unik og god treningsoppleving inne i den varme, lysstille og lune friidretthallen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er eit samarbeid me vil prøve å oppretthalde framover. Å trene saman med større klubbar gjev seljordutøvarane gode moglegheiter til å utvikle seg vidare å nå større framgang. Denne eingongstreninga vil me jobbe med å få til fleire gonger, seier Hans Inge Hagen i friidrettsgruppa i Seljord.

Fem frå Seljord

Han skisserer at dei vil prøve å få til ei slik samling ein gong i månaden gjennom vinterhalvåret.

Frå Seljord deltok Herman Hogstad Sveinsson, Brage Kleiva Romtveit, Kristian Eilefstjønn Berntsen, Emma Hagen og Innocent.

Herman Hogstad Sveinsson.
Herman Hogstad Sveinsson.