Frigjev namnet på den omkomne i skuterulykka

Det var den 30 år gamle Øystein Botne Ringhus frå Vinje som mista livet i skuterulykka i Tokke måndag.

Politiet har offentleggjort namnet i samråd med dei pårørande, melder avisaVarden

Ulykka skjedde i området Kvannfjølli/Gråsteinvatn i Tokke. Politiet fekk melding om ulykka klokka 11.06 måndag. Dei blei varsla av ein mann som også hadde vore involvert i ulykka. Mannen som varsla var lettare skadd og blei frakta til sjukehuset i Arendal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsaka til ulykka er ikkje kjent.

Tokke-rådmann John Kleiv skriv på Facebook at kommunen har førebudd kriseteam.

«Tokke har blitt ramma av ei tragisk og vond hendig, der ein av våre innbyggjarar har mist livet i fjellområda ved Kvannfjøllet, mellom Byrte og Hovden. Dette gjer vondt i små lokalsamfunn som i Vest -Telemark, og kjennest så veldig meiningslaust. Siste døgeret har fleire instansar, naudetatar og frivillige vore i aksjon for å hjelpe til. Me vil rette ein stor takk til desse som profesjonelt klarar å yte ein formidabel innsats, i samband med slike tragiske omstede.

Mest av alt vil me med dette vise vår djupaste medkjensle med nær familie, vener, kolleger og alle andre som kjende avlidne godt. Me tenker på dykk.

Tokke kommune har førebudd kriseteam. Dersom pårørande eller andre ynskjer nokon å snakke med eller treng bistand, ring Tokke-Vinje legevakt på tlf 350 62 555, så formidlar dei kontakt.»

Ordførar Jarand Felland skriv:

«Det har skjedd ei tragisk snøskuterulykke i Tokke kommune i fjella mellom Dalen og Hovden i Bykle. Ein har omkome og ein har blitt skadd. Vi vil vise vår djupaste medkjensle med dei pårørande og den skadde. Takk til redningsmannskap og andre som bistod i aksjonen.»