– Når fyrste salva går i tunnelen Århus-Gvammen skal flagget henge oppe heile dagen, uttala varaordførar i Seljord, Halfdan Haugan. Saman med ordførar John Kleivstaul heisa han flagget for signala om at E134 og tunnelen får 300 millionar i fyrste del av komande Nasjonal transportplan.

For 35 år sidan diskuterte kommunestyret fyrste gong tunell frå Flatdal til Ambjørndalen

I 2004 blei flagget heisa i Seljord. Då var det sett av 300 millionar kroner til tunellen mellom Århus og Gvammen.

Artikkelen blei fyrste gong presentert i VTBs tunnelavis 28. november 2019.

Me har kikka bakover i historia til tunellen som no har fått namnet Mælefjelltunellen. Kvar starta det heile? Kvar dukka ideen opp?

Artikkelen held fram under annonsen.

Me må mange år bakover. Fyrste gong me finn referert i VTB om tunell mellom Flatdal og Hjartdal er i september 1984. Då drøfta kommunestyret ei betre løysing for E76 i Flatdal, for at trafikken, særleg dei store trailerane, skulle unngå dei bratte og svingete bakkane i Flatdal, og den tronge svingen ved Nutheim. På den tida var det ikkje sjeldan at trailerar stod fast, måtte ha hjelp for å koma opp, eller sklei av vegen på nedtur.

Eit tidleg alternativ var å byggje ny veg på solsida av dalen, frå langt ut i bygda og til toppen på Vadder. Ei slik linje ville sjølvsagt vera eit stort inngrep i den bratte lia.

Kommunestyret, september 1984:

«Tunell frå Flatdal til Ambjørndalen? Eller ny veg på solsida?» referer VTB. Framlegga blei lufta i kommunestyret.

Gunnar Haugen (Ap) minna om at ein trasé på solsida ville bli slakare enn dagens veg, og fordi han vil liggje i sola vil det vera mindre glatt vår og haust.

Distriktssjef Knut Liavåg i NCC Construction AS og distriktsvegsjef Kjell Inge Davik i Statens vegvesen signerte avtala om å byggje tunellen Århus–Gvammen til 1,07 milliardar kroner – den største kontrakten Vegvesenet i Telemark nokon gong har gjort.
Eit knippe oppslag frå VTB.

– Solsidevegen vil òg gje eit betre inntrykk av dalen for dei reisande, sa han.

Olav Sollid (H) tok til orde for tunell. Det ville spare den øvre bygda frå rasering, og køyrelengda blir korta ned frå 6,5 km til 3 km, noko vegstellet legg stor vekt på, meinte han.

– Dette vil samfunnet spare inn att på mindre brennstoffutgifter, sa Sollid.

Gunnar Haugen på si side hadde fått opplyst at Vegvesenet hadde forkasta tunellalternativet. Han meinte at å ha E76 gjennom bygda langt på veg vil oppheve ulempene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Var dette det fyrste framlegget om tunell? Me har spurt vegkontoret i Skien, utan å ha fått stadfesta når ideen om og vurderinga av ein tunell starta.

Ein gong mellom 1977 og 1983

Kjell Solheim byrja på plankontoret til Vegvesenet i Skien i 1974. Han opplyser at det ein gong på slutten av 1970-talet eller tidleg på 1980-talet var det fyrste forsøket frå plankontoret på å gjera noko med bakkane i Flatdal. (Opplysningane er bare slik han hugsar det.)

Planen den gongen gjekk ut på å byggje ny veg frå brua i Flatdal, innover dalen og gjennom Kyrkjeskogen, for så å byggje ein tunell ein stad vest for Nutheim, og ut att ein stad ved Brekka i Svartdal.

– Det var fyrste tunelltanken. Så vidt eg hugsar stranda det på at det ville bli ei stor utfylling, seier Solheim i dag.

Me finn ingen ting referert i VTB om denne planen, men folk i Flatdal hugsar nok at det blei utgreidd som eit forslag.

Ein gong etter dette byrja dei på plankontoret å tenkje på tunell mellom Flatdal og Ambjørndalen, meiner Solheim å hugse. Så då kommunestyret lufta alternativa i 1984 tok dei truleg ikkje tunell ut av lause lufta.

Opp- og nedtur

1985 starta med både opptur og nedtur for planane om tunell. I slutten av mars melder VTB at mykje tyder på at Telemark vegkontor vil leggje fram planar om ein tunell mellom Flatdal og Ambjørndalen til 50 millionar kroner.

Samferdselsdepartementet vil byggje tunell bare dersom Seljord kommune betalar eit «mellomlegg» på 20 millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig «slåst» Vegvesenet om å prioritere pengar. Omkøyringsvegen utanom Seljord sentrum blir prioritert frå Vegdirektoratet, medan ordførar Gunnar Haugen (Ap) og rådmann Finn Erik Karlsen, saman med formannskapet, vil prioritere vegløysinga i Flatdal.

Likevel har vegkontoret planar for tunell:

– Vegkontoret har rekna ut at investerings- og driftskostnadane med ein tunell frå Flatdal til Ambjørndalen (kostnadsrekna til 50 millionar kroner – red. merk) blir mindre enn kostnadane med ei vegløysing til 30 millionar, seier plansjef Jan Ove Sannes til VTB.

Men framleis er det spørjeteikn etter «tunell i Flatdal?» i VTB.

Halvannan månad seinare, tidleg i mai, er Per Arne Watle, personleg sekretær for samferdsminister Johan J. Jakobsen (Sp) ein tur til Flatdal. Watle har lita tru på tunellen.

– Samferdselsdepartementet vil byggje tunell bare dersom Seljord kommune betalar eit «mellomlegg» på 20 millionar, seier han til VTB.

I artikkelen nemner næringskonsulent Ragnar Nordgreen at det er krefter i Bø og Sauherad som vil leggje europavegen om Bø.

Det kjem me tilbake til seinare i soga om tunellplanane.

I juni same året ser det ut til at Vegvesenet har rekna nøyare på tunellkostnaden. Då slår vegsjef Søren Thorsdal fast at ein tunell til 50–60 millionar vil spare samfunnet for årlege utgifter på fem–seks millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter mitt syn vil samfunnet vera best tent med ein tunell, seier Thorsdal.

På denne tida er det snakk om bompengar; vegkontoret har kontakta L/L Haukeliveg med sikte på å toppfinansiere tunellen med bompengar frå Haukelifjell.

No har også kommunane Seljord, Hjartdal og Notodden protestert mot «snikflyttinga» til sørsida av Lifjell. Vegsjefen forsikrar at E76 skal fylgje noverande linje.

I august same år, altså 1985, fortel leiaren i Seljord Senterparti, Gunvor Hegni, at Seljord Sp går inn for tunell med innslag ved Flatdalsbrua.

Dei neste åra

I spaltene til VTB er det nokså stille om tunell dei neste åra. Men i oktober 1987 skriv ein innsendar med signaturen Bilist at planane om tunell frå Flatdal til Ambjørndalen er svært positivt, og det einaste fornuftige alternativet for strekninga.

Og så kastar han fram: «Er det forresten vurdert å la tunellen starte alt i Seljord og koma att lenger nede i Hjartdal?»

A-ha – tanken Århus–Gvammen er fødd.

Telemark vegkontor er ute med ei orientering i november dette året. Der opplyser dei at tunell Flatdal–Ambjørndalen er det langsiktige målet. No er kostnaden kome opp i 85 millionar kroner. Dei planlegg å starte bygginga i «neste planperiode», 1990–93, og fullføre arbeidet i perioden etter, 1994–97.

Artikkelen held fram under annonsen.

I den same orienteringa opplyser vegkontoret at dei planlegg å byggje om Nutheimsvingen. Arbeidet er planlagt i åra 1988 og -89.

I desember same år kan vegkontoret opplyse at det ikkje blir høve til å byrje med tunellen før i vegplanperioden 1994–97. No er prisen 100 millionar. Vegkontoret har også registrert at tunellinnslaget ved brua i Flatdal har vekt stor strid i høyringsrunden. Vegkontoret er derfor innstilt på å finne ei ny løysing.

I april 1988 opplyser VTB at vegkontoret nok ein gong lanserer bomfinansiering for E76-tunellen. Men traseen for tunellen er ikkje avgjort.

Tunell i 2000

Det er litt av tittelen i VTB i mars 1994. På vegkontoret er dei optimistar, og fortel at dei arbeider med plan for tunell mellom Flatdal og Hjartdal. Planen skal bli ferdig slik at han kan koma med i vegplanperioden 1998–2001. Dermed kan det bli bygging rundt årtusenskiftet.

Enno kan ikkje planleggjarane seia noko om kostnaden, men det har vore snakk om ein prislapp på mellom 120 og 150 millionar kroner.

Sommaren 1994 presenterte vegkontoret tre alternativ på eit folkemøte i Flatdal. Den opne vegen innetter dalen, gjennom Kyrkjeskogen, og med ein tunell ein stad vest for Nutheim og til Brekka i Svartdal er tilbake. Det var ordførar John Kleivstaul (Sp) som hadde bede om å få utgreidd også dette alternativet. Så er det skissert to andre tunellalternativ, eitt med innslag mellom bura og skulen, og eitt med innslag i Håkkedalen. Alternativa skaper debatt i Flatdal.

Det har gått tett på ti år sidan kommunestyret i Seljord drøfta vegløysing i Flatdal, og ideen om tunell mellom Flatdal og Ambjørndalen blei kasta fram.

Eit heftig år

Ein gong i starten av 1990-talet mista E76 statusen som europaveg, og blei Riksveg 11. I 1995 blei det klart at europavegstatusen skulle koma tilbake, som E134.

Artikkelen held fram under annonsen.

1995 blei eit år med heftige diskusjonar.

I mars legg vegkontoret fram sine alternativ. Alternativet med open veg innover dalen og ein tunell frå Nutheim-området til Brekka i Svartdal avviser vegkontoret. Dermed står det att dei to alternativa med tunellinnslag anten frå brua eller frå Håkkedalen. Eivind Gurholt på plankontoret seier at han held ein knapp på alternativet Håkkedalen.

Striden lokalt står om vegen i framtida skal gå over Øyland, der det både er forretning, bensinstasjon – og på denne tida også posthus. Medan vegkontoret peikar på at vegen over Øyland ikkje vil tilfredsstille krava Vegdirektoratet har sett til ein stamveg, fryktar mange i bygda at dei tilboda ein har på denne strekninga ikkje vil overleva dersom hovudvegen blir langt utanom.

Det fører til ei rekkje innlegg med synspunkt i VTB. Det blir også levert underskriftslister til kommunen for begge synspunkt.

På ny reiser spørsmålet seg om å leggje Rv 11 sør for Lifjell, om Bø. Vegsjefen i fylket rår til å behalde traseen om Hjartdal og Flatdal. Vest-Telemarkrådet (VTR) støttar dette synspunktet.

– Me er sterkt opptekne av å få gjennomført dei konkrete planane som er lagt for utbetring av riksveg 11. Me ser med uro på kva ein debatt om traséval kan føre til av usikkerheit og utsettingar. No treng me felles innsats for Rv 11, både i og utanfor Telemark, skriv styret i VTR i eit brev til samferdselsutvalet og fylkesutvalet.

I april -95 var det nytt folkemøte i Flatdal, der vegkontoret presenterte planane dei hadde utarbeidd. I dette møtet kom dei ulike synspunkta tydeleg fram.

Mellom mange som gav uttrykk for synspunkt på dette møtet var også Magne Vrålstad, kommunestyrerepresentant for KrF: Han ønskte seg ein tunell frå Århus til Gvammen.

Det alternativet hadde Eivind Gurholt frå vegkontoret lita tru på, og meinte ein no måtte ta stilling til dei alternativa som låg føre.

Gurholt oppsummerte at fleirtalet i bygda støtta tunellinnslag ved brua. Han opplyste at kommunestyret må ta stilling i løpet av året.

Før kommunestyrevalet i 1995 oppfordra Høgres fyrstekandidat Edvard Mæland dei andre partia om å ta stilling til dei to alternativa for tunellinnslag. Han opplyser at Høgre går inn for alternativ 1, innslag mellom brua og skulen. Han minna om at kommunestyret burde gjera eit samrøystes vedtak om saka.

John Kleivstaul støttar Mæland, og melder at Sp går inn for alternativ 1.

Mange uttalar seg om dei ulike alternativa i spaltene i VTB i denne tida. Verksemdene på Øyland og arbeidsplassane der blir framheva i argumenta for alternativ 1, innslag mellom brua og skulen.

Klar tale frå vegkontoret

I oktober kjem framlegget frå vegkontoret. Det er klart: Dei går inn for at tunellen startar i Håkkedalen. Ikkje minst stigningsforholda i dei to alternative tunellane er avgjerande; frå brua vil tunellen bli så bratt at ein kanskje må bygge eit ekstra krabbefelt. Men også for å unngå ei 60-kilometersone over Øyland er viktig på ein stamveg.

– Dersom Seljord eller Hjartdal kommune likevel skulle vedta alternativ 1, Ambjørndalen–Flatdal bru, må Statens vegvesen vurdere å fremme motsegn mot ei slik løysing, heiter det i framlegget til kommunedelplan.

Det har blitt jobba knallhardt frå lokalt hald, og frå alle parti for denne løysinga.

Olav Tho (Sp), kommunestyrerepresentant i Hjartdal, understreka at det viktigaste er å behalde Rv 11, eller E 134 som han snart blir, som stamveg gjennom kommunane.

– Eg vil oppfordre politikarane i Seljord om å syte for at me slepp utsetjing, sa han.

Klar tale kom også Vest-Telemarkrådet med denne hausten: «Godta Vegvesenets traséval, Kleivstaul!» refererer VTB. Ordførarane Olav Nystog (Ap, Vinje), Birger Nygård (Sp, Tokke) og Inge Fjalestad (Sp, Kviteseid) minna ordførar John Kleivstaul (Sp) i Seljord om at det er avgjerande for å få midlar til opprusting av Rv 11 at regionen står saman.

Også Interessefellesskapet Haukelivegen var klar: Grei ut tunell Århus–Gvammen krev dei i eit brev til vegkontoret.

– Me er klar over at det er tyngre å få gjennomslag for eit slikt større prosjekt, men ein må sjå utbygginga i ein tilstrekkeleg stor samanheng, og då kan ein få byggje ut ein stamveg til den standarden som er fastsett, sa Gisle Mjaugedal, sekretær for IF Haukelivegen, til VTB.

Århus–Gvammen

Kva innspelet frå IF Haukelivegen hadde å seia for planane til vegkontoret veit me ikkje. Det denne skribenten veit er at etter folkemøtet i Flatdal i november, der vegkontorets Eivind Gurholt la fram deira prioritering, svara han på spørsmål frå meg, at dei på vegkontoret hadde Århus–Gvammen på teiknebrettet, men før dei kunne gå vidare med det måtte dei få vedteke kommuneplan for dei alternativa som var på papiret.

I Seljord kommune gjekk fleirtalet i næringsutvalet inn for alternativ 1, innslag ved Flatdal bru. Bare leiaren i utvalet, Lars Bjaadal (Sp) gjekk inn for Håkkedalen-alternativet.

Men John Kleivstaul hadde tydelegvis kome på andre tankar enn det partiet hans gjekk inn for i valkampen. På oppfordringa frå Vest-Telemarkrådet svara han at det kunne koma eit tredje alternativ.

Utover vinteren 1986 gjekk prioriteringa av alternativ mellom planutval og kommunestyre. Planutvalet i Seljord ville ikkje ta stilling til dei to alternativa som låg føre, truleg fordi Århus–Gvammen var kasta fram.

Det går for langt å ta med alt som gjekk føre seg i denne tida, med utgreiingar og vedtak i ulike politiske forum. I januar 1996 rådde rådmann Kristian Torp-Hansen i Seljord politikarane til å be om eit tredje alternativ til tunell; Århus–Gvammen. Kommunestyret avrunda debattane om Flatdal–Ambjørndalen den 14. mars 1996 med å vedta med 24 mot ei stemme at tunellen for Rv 11 skal gå frå Håkkedalen i Flatdal til Hjartdal. Men vedtaket har også eit tillegg: Kommunestyret ber om at alternativet Århus–Gvammen blir utgreidd.

I Hjartdal har kommunestyret samrøystes gjort tilsvarande vedtak som i Seljord.

I 1997 fekk stamveg Rv 11 att europavegstatusen, og blei E134.

Telemark vegkontor arbeider med planen for Århus–Gvammen. I mars 1997 kunne Erik Spilsberg frå plankontoret presentere ein førebels plan for Århus–Gvammen for kommunestyret. Håpet var å få anlegget inn i Norsk veg- og vegtrafikkplan (NVVP) for perioden 2002–2005.

I september presenterte vegkontoret planen for grunneigarar og andre interesserte med folkemøte og «open kontordag» på samfunnshuset i Flatdal. Då handla det om kvar innslaget i fjellet skal vera. Som me veit i dag enda det mellom tunet på Århus/Åros og garden Århusmoen.

Vegutval og ny runde sør for Lifjell

Edvard Mæland (H) var varaordførar i Seljord i perioden 1995–99, og blei valt til ordførar i 1999. Sjølv om endeleg vedtak om Århus–Gvammen var gjort, fekk han nok å gjera med saka.

I Vest-Telemarkrådet blei det oppretta eit vegutval, der både politikarar, personar frå kommuneadministrasjonane og frå næringslivet var med.

– Målsetjinga var å sameine kreftene i Telemark for vegutbygging og -utbetring, fortel Mæland. Det galt både E134 og Rv 36 frå Seljord til Porsgrunn.

Vegutvalet oppretta ei arbeidsgruppe, der også Bø var representert med ordførar Arne Storhaug (Ap).

Ikkje unaturleg var det ulike syn på prioriteringar, ikkje minst når galt bompengar for å få i gang vegutbetringar.

Semje oppnådde utvalet på eit møte på Morgedal hotell, det som seinare i arbeidet blei kalla «Morgedalforliket».

Men sanneleg, Bø-ordførar Arne Storhaug var ikkje snauare enn at han nok ein gong tok opp temaet om å få E134 om Bø.

Det kan sikkert seiast til hans forsvar at når ein ikkje oppnådde å få tunellen inn i vegplanen var det tid til nok ein runde om det spørsmålet. Både Vegvesenet og fylkespolitikarane avviste forslaget. E134 skal gå nord for Lifjell, slik han har gjort.

Endeleg flagget til topps

I juni 2004 heisa ordførar John Kleivstaul (Sp) og varaordførar Halfdan Haugan (Ap) flagget. Då hadde eit fleirtal på Stortinget, Ap, SV og Frp, løyvd 300 millionar kroner i Nasjonal transportplan for perioden 2006–2015 til tunell Århus–Gvammen.

Ikkje minst var Seljord-politikarane strålande nøgde med at tunellen var plassert i dei fyrste fire åra, den såkalla handlingsplanperioden.

– Det har blitt jobba knallhardt frå lokalt hald, og frå alle parti for denne løysinga, understreka ordførar og varaordførar.

Distriktsvegsjef for Øvre Telemark, Trude Holter, forsikrar at planane for tunellen er klare.

– Viss pengane kjem kan me starte arbeidet, seier ho. Men ho minner samtidig om at pengane ikkje er løyvde sjølv om dei er ført opp i Nasjonal transportplan.

Det har gått tett på tjuge år sidan kommunestyret i Seljord drøfta vegløysing i Flatdal, og ideen om tunell mellom Flatdal og Ambjørndalen blei kasta fram.

Ti nye venteår

Smått i send mol kverna. Mellom anna var spørsmålet om bompengar eit tema. Heilt til storting og styringsverk avgjorde at staten skulle finansiere tunellen og tilstøytande vegar. Når alt var klart for startsalve, var det naturlegvis ein runde med utlysing og vurdering av anbod.

Og endeleg: I oktober 2014 kunne distriktsvegsjef Kjell Inge Davik i Statens vegvesen og distriktssjef Knut Liavåg i NCC Construction signere avtala om å byggje tunellen Århus–Gvammen – ei avtale til 1,07 milliard kroner. Den største avtala Vegvesenet i Telemark nokon gong har gjort.

Det har gått tretti år sidan kommunestyret i Seljord drøfta vegløysing i Flatdal, og ideen om tunell mellom Flatdal og Ambjørndalen blei kasta fram.