Ei merkeleg nedlegging

_ Og ikkje berre det. Ein etter ein har dei vore der, telemarkspolitikarar med fagre ord om kor bra dette tilbodet er og kor lite det faktisk kostar å oppretthalde (13,4 millionar kroner). Og det er ikkje berre opposisjonen som kyter av leiren. Tvert om. Representantar for regjeringspartia tek turen, og varslar at dei vil kjempe for å halde oppe leiren. Til og med Bård Hoksrud frå partiet som styrer justisdepartementet og som har statsråden talar varmt om leiren. Og til å hjelpe seg har Fyresdal kommune hyra inn ein annan tidlegare Frp-justisminister Anders Anundsen.

_ Det blir argumentert med at ein treng fleire plassar med høgt tryggingsnivå. Det er sikkert dei som meiner at om ein gjer noko gale, så bør ein sperrast inne. Kjenne på angeren, skamma, og at ein ikkje bør føle seg som ein del av samfunnet. Men verda er ikkje så svart-kvit. Fangeleiren i Kleivgrend er ei bru tilbake til samfunnet for dei som kvalifiserer til å sone der. Ei nødvendig bru.

_ Fangeleiren har hatt nedleggingsspøkelset over seg i alt for lang tid, og maken til behandling av dei tilsette i avdelinga i Kleivgrend skal ein heldigvis leite lenge etter. Det politiske og byråkratiske fengselsspelet går snart inn i siste fase for i år blant stortingspolitikarar. Og det kan bli siste fase for alltid.

_ Så kvifor er det slik. Viss «alle» meiner leiren bør ha livets rett, kvifor skal ein då leggje den ned? Kva har me gått glipp av? Når ikkje telemarkspolitikarane fram til sine eigne med argumenta? Eller er ikkje dei gode argumenta lenger nok til å nå fram i eit politisk fengselsspel?