Skjermilde frå filmen.
Skjermilde frå filmen.

Bygdekino

Bygdekinoen viser no mellom anna «Snekker Andersen og Julenissen» og «Last Christmas» som garanterer jolestemning. Om du ikkje er klar for jol heilt enno, kan du sjå «Joker» eller «Operasjon mumie» i Fyresdal.

NISSEDAL onsdag 13.11 Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul og Last Christmas

TOKKE torsdag 14.11 Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul og Last Christmas

Artikkelen held fram under annonsen.

FYRESDAL fredag 15.11 Operasjon Mumie og Joker

SELJORD sundag 17.11 Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul og Last Christmas

VINJE måndag 18.11 Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul og Last Christmas

Stillbilde frå filmen.
Stillbilde frå filmen.
Stillbilde frå filmen.
Stillbilde frå filmen.
Stillbilde frå filmen.
Stillbilde frå filmen.
Stillbilde frå filmen.
Stillbilde frå filmen.

KVITESEID torsdag 21.11 Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul og Last Christmas

Stillbilde frå filmen.
Stillbilde frå filmen.

Snekker Andersen og Julenissen:

Den vesle bygda som glømte at det var jul.

Dette er historia om ei lita bygd. Ho var omtrent som andre bygder sjølv om ho låg ganske for seg sjølv oppi åsen. Folket som budde i bygda var omtrent som andre folk. Nokre var store og nokre var små, nokre meinte ditt og nokre meinte datt. Stort sett som bygder flest, men når det gjaldt ein ting, var dei heilt like alle saman. Dei var så fæle til å gløyme. Og dei gløymde dei merkelegaste ting, alle på ein gong. No er dei på veg til å gløyme det viktigaste av alt... nemleg jola! Ei ny joleforteljing frå universet til Alf Prøysen, ein av våre mest kjente og kjære forfattarar. Snekker Andersen og Julenissen er attende og denne gongen må dei hjelpe vesle Elise med å redde jula før det er for seint.

Les også: Jolestemning på kinotoppen

Last Christmas

Romantisk komedie som kjem med eit herleg soundtrack med songane til George Michael og Wham. Kate (Emilia Clarke) er notorisk flink til alltid å ta feil val. Ekstra ille blir det når ho må ta seg jobb som alv i ein jolebutikk. Men der møter ho Tom og forelskar seg i han, og lykka ser endeleg ut til å snu. Han lærer henne å setje pris på jola på ein heilt ny måte, men forviklingane har såvidt starta. Sjå opp, Love Actually - ein ny jolefilmklassikar er på veg!

Artikkelen held fram under annonsen.

Joker

Ta på deg eit smil.

Regissør Todd Phillips (The Hangover) har skapt ei original, frittståande historie som ikkje er sett på det store lerretet før. Arthur Fleck, vakkert portrettert av Joaquin Phoenix, er ein mann som kjempar for å finne vegen i Gotham sitt polariserte samfunn. Han jobbar som klovn om dagen, og stand-up-komikar om natta... men spøken går alltid ut over han. Fanga i ein eksistens mellom apati og grusomheit, tek Arthur ei bestemming som fører til ein kjedereaksjon av eskalerande hendingar i denne karakterstudien av «The Joker».

Operasjon Mumie

Operasjon Mumie er oppfølgjaren til Operasjon Mørkemann. Når det kjem ei mumieutstilling til Elvestad, skjer ei rekkje uforklarlege ulykker blant dei tilsette ved museet. Det går rykter om at museet er ramma av farao Tutankhamons forbanning. Er verkeleg den gamle myten årsaka til dei mystiske ulykkene eller finst det ei anna forklaring? Barnedetektivane Tiril og Oliver og sporhunden Åtto er på saka.