På staffeliet er ho i gang med blyantteikning av hankatten Tussi. Teknikken ho brukar er å setje saman fleire element, og så er mange steg fram til ferdig resultat.
På staffeliet er ho i gang med blyantteikning av hankatten Tussi. Teknikken ho brukar er å setje saman fleire element, og så er mange steg fram til ferdig resultat.

«Biletet skal vera dekorativt og fange blikket ditt»

24 år gamle Lisbeth Vefall frå Seljord satsar i klassisk, figurativ kunstretning.

Renessanse, barokk og rokokko er stilartar som har inspirert henne. Førebileta er den store renessansekunstnaren Leonardo da Vinci

(1452–1519) og barokkmålarane Caravaggio (1571–1610) og Rembrandt (1606–1669).

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

Atelier på Brøløs

Me er midt på Brøløs og har gått opp den vesle trappa og inn i huset der barnetøyforretninga Per og Kari heldt til for lenge sidan. Far til Lisbeth, Halvor Vefall, kan tidfeste drifta nøyaktig. Tanta hans, Margit Garvik, dreiv butikken frå 1963 til 1985. Lisbeth, som er fødd i 1995, hugsar ho som jentunge var mykje på besøk hjå den eldre dama og sat på kjøkkenet med henne. Nå er kjøkkenet gjort om til atelier.

Til venstre i rommet står eit bord med mange målarpenslar og anna kunstmateriell. Midt i atelieret står eit staffeli der eit bilete er under arbeid. Motivet er ein katt som ser opp på ein fugl som sit på ei grein. Lisbeth brukar rutenett og teiknar fyrst katten, greina og fuglen kvar for seg, for så å setje elementa saman til eitt bilete.

Motivet Romeo og Julie, der eit kjærastepar har sete modell for henne. Akryl på lerret.
Motivet Romeo og Julie, der eit kjærastepar har sete modell for henne. Akryl på lerret.
Lisbeth var berre 13 år gamal då ho teikna katten sin, Øystein. Akvarell.
Lisbeth var berre 13 år gamal då ho teikna katten sin, Øystein. Akvarell.
Portrettet av denne vesle jenta er eit bestillingsverk som no er ferdig og heng på veggen. Olje på lerret.
Portrettet av denne vesle jenta er eit bestillingsverk som no er ferdig og heng på veggen. Olje på lerret.

Hittil har ho bruka mest akrylmåling, men vil gå over på olje. Ho synest oljemåleriet er eit betre uttrykk, at det blir meir liv i biletet. Prosessen fram til ferdig resultat er lang, og går via lag på lag med oljemåling. Til slutt står det att å føre på dei siste strøka.

– Det er desse detaljane som gjev liv, sjel og djubde til biletet, forklarar den unge kreative dama.

{{imageLeft}}

Søkte tilflukt i teikninga

Interessa for teikning starta tidleg i barndommen. Disney, særleg dei gamle teiknefilmane, var til stor inspirasjon for Lisbeth. Teikninga blei ei god tilflukt for den einsame jenta.

– Eg var litt utanfor og hadde ikkje så mange venner, så teikninga blei ei trygg hamn å vera i. Der kunne eg vera i mi eiga verd, fortel ho ærleg om den vonde tida. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ungdomsskulen søkte ho seg til Søve vidaregåande skule på Ulefoss fordi ho hadde høyrt at det var så godt miljø der.

– Overgangen frå Seljord skule til Søve var stor – og god. Det var mykje lettare å vera der, reflekterer 24-åringen.

Særleg siste året på Søve ser ho tilbake på med stor glede, då losna det verkeleg sosialt. Så bar det til høgskulen på Notodden og til studiar i visuelle kunstfag og design. Forutan teikning og farge, omfatta faget grafisk design, film og video, og foto og biletbehandling. Ho omtalar teikning og farge som «sitt område». Bacheloroppgåva hennar bestod av ein tekstdel og eit kunstnarisk arbeid. Motivet for måleriet var Shakespares romantiske tragedie Romeo og Julie. 

{{imageLeft}}

Vidareutviklar seg kunstnarisk

Etter bachelorgraden i visuelle kunstfag, heldt Lisbeth fram med å studere på Notodden, der ho tok pedagogisk utdanning. Men ho har kome til at ho nok ikkje skal bli lærar. Det siste året har ho vore heime i Seljord, der ho har ein deltidsjobb på Sjøormen kro. På kaféen er ho i eit arbeidsfellesskap med mange kollegaer. Elles er ho mykje å finne åleine i atelieret sitt på Brøløs. Målet er å utvikle seg kunstnarisk. Hittil har ho arbeidd mest med dyrebilete og portrett.

– Når ein er nysgjerrig søkjer ein å lære der ein kan – til dømes frå bøker og frå internett, seier ho. 

Nokre oppdrag har Lisbeth Vefall alt hatt, men ho har ikkje hatt tid til å ta på seg så mange bestillingar.

– Eg er veldig i startfasen, men synest det er hyggeleg at folk spør.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjem du til å satse på ei kunstutdanning?

– Eg tek det litt som det kjem, men eg trur nok eg skal studere vidare. Men nå tek eg eitt år til med litt jobb og mykje måling og teikning, svarar ho blidt.

{{imageLeft}}

Profil

Fødd i 1995, oppvaksen midt på Brøløs i Seljord. Foreldra er Gunvor og Halvor Vefall. 

Har to yngre systrar; Ina Kathrine og Sandra Marita Vefall.

Gjekk vidaregåande skule på Søve, Ulefoss – ferdig i 2014.

Bachelor i visuelle kunstfag og design ved høgskulen på Notodden 2017.

Praktisk pedagogisk utdannning ved Universitetet på Notodden 2018.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har teke ei pause i utdanninga for å utvikle seg kunstnarisk.

Arbeider for tida deltid ved Sjøormen kro, samstundes som ho tek på seg oppdrag med portrettmåling.