Yrkesmessa 2022: Thea Elida Aksvik Wienenga (16) frå Rauland og Ingrid Kristensen Strånd (16) frå Lårdal går fyrsteåret på TIP på Dalen. I framtida freistar arbeid på Nordsjøen.

Yrkesmesse på Dalen: Thea (16) og Ingrid (16) er freista av å jobbe på Nordsjøen

Det var folksamt i skulebygget til Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen då den 37. yrkesmessa blei arrangert torsdag.

Over 70 utstillarar frå ulike vidaregåande skular, studiestadar, bransjar og arbeidsplassar inviterte til utdanning- og yrkesprat, konkurransar og foredrag då det etter tre års pause endeleg var klart for yrkesmesse i skulebygget att.

Thea Elida Aksvik Wienenga (16) frå Rauland og Ingrid Kristensen Strånd (16) frå Lårdal går fyrsteåret på TIP og er to av elevane som fekk vise fram skulen sin torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jentene fortel at dei trivst godt på Teknikk og industriell produksjon (TIP), og meiner at varierte skuledagar med ulikt arbeid er spennande.

– Det er motiverande å gå på skulen når ein har fag ein trivst med, fortel jentene som i framtida kanskje har lyst til å teste arbeidslivet på Nordsjøen.

Tidlegare har yrkesmessa blitt halde i februar, nå er den flytta til oktober slik at dei mange ungdomsskuleelevane og andre som tar turen til messa verkeleg kan få svar på dei yrkesretningane dei kanskje vurderer å søke seg til neste skuleår.

Med eit velorganisert arrangement, sett stødig saman av dei tilsette og elevane på dei ulike opplæringstilboda på Dalen, fekk direktør for opplæring og helse i Vestfold og Telemark, Helge Galdal, gleda av å opne arrangementet før aktive timar med yrkesprat i gangane tok til.

Endra yrkesval: Fatima Al-Dulaimi (15) frå Kviteseid har lenge hatt lyst til å utdanne seg som arkitekt, men trur ho har ombestemt seg. Neste år vil ho truleg søke helsefag på vidaregåande for å arbeide innan ambulansefaget eller som tannpleiar i framtida.
Trekkplaster: Verkstaden på bilfag samla ungdommane både til populære foredrag, som blei halde om yrket, og mange blei nok freista til å besøke verkstaden for å sjå nærare på denne Porschen til 2,6 millionar kroner.
Fekk innspel på yrkesmessa: Claire Uwimbabazi (30) har budd i Noreg i eitt år, og går på norskkurs i Åmot. Torsdag besøkte ho yrkesmessa på Dalen for å få innspel til kva ho har lyst til å jobbe med i framtida.
Test framfor kamera: Elevane som besøkte yrkesmessa fekk mellom anna teste medieyrket som reporter hos journalist Håkon Lie frå NRK Telemark.
Rosa ein god vidaregåande skule: Direktør for opplæring og folkehelse i Vestfold og Telemark, Helge Galdal, opna yrkesmessa på Dalen og kom med mange gode ord til den vidaregåande skulen.
Godt besøk: Over 70 utstillarar møtte fram då den 37. yrkesmessa blei arrangert på Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.