Det er fare for styrtregn i enkelte delar av landet tysdag. Arkivfoto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix / NPK

Yr åtvarar om styrtregn

Meteorologisk institutt åtvarar tysdag om styrtregn i Telemark, Buskerud, Vestfold, Østfold, Akershus og Oslo.

Yr.no er det utskrive gult farevarsel for styrtregn for tysdag ettermiddag til kveld. Gult farenivå er det lågaste av dei tre farenivåa.

Ifølgje Store norske leksikon finst det ingen offisiell definisjon på kor mykje nedbør som skal til for å kalle noko for styrtregn, men intensiteten bør som eit minimum svare til 10–20 millimeter nedbør på ein time, avhengig av stad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er store lokale variasjonar i intensitet og mengd, og vêret kan skifte raskt, skriv Yr på nettsida si.

Der blir det opplyst at konsekvensane mellom anna kan vere fare for overvatn i tettbygde område, lokale flaum, bekke- og elveløpsendringar og jord- og flaumskred der regnbyene treffer.

I tillegg blir det åtvara om at det kan kome hagl, lyn, tore, og kraftige vindkast.

(©NPK)