Rådmann i Vinje, Jan Myrekrok ynskjer at mindre søknader slepp å opp som eiga sak på framtidige formannskapsmøte.
Rådmann i Vinje, Jan Myrekrok ynskjer at mindre søknader slepp å opp som eiga sak på framtidige formannskapsmøte.

Ynskjer kjappare handsaming av tilskotssøknader

VINJE: Formannskapet i Vinje skal på fyrstkomande møte ta stilling til rådmannens ynske om å delegere søknader på under 30 000 kroner frå oppstartsverksemder.

Næringskontoret må med høve til retningslinene for tilskot, laga ei sak for kvar søknad, og fremje denne for rådmann for godkjenning og så til formannskapet for vedtak.

– Dette kan i ein del tilfelle føre til lang handsamingstid, før ein får avklara om det er mogleg med stønad eller ikkje. Dette vil vera noko utfordrande for den eller dei som er veldig ivrige på å koma i gang, skriv rådmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nok til å stifte eit AS

– Det er ein del personar som søkjer om støtte til å etablere seg i kommunen. Ofte er dette veldig små beløp, på maks 30 000 kroner. Dette er til å dekkje kostnadane for registrering, og innkjøp av naudsynt materiell for å koma i gang, akkurat nok til å stifte eit AS.

– For å effektivisere denne prosessen er det eit ynske frå rådmannen å kunne få gjort dette til ei delegert sakshandsaming på næringskontoret for beløp opp til 30 000 kroner. Det vil seie at rådmannen kan godkjenne slike saker og at sakene vert presentert som referatsaker for formannskapet, står det i framlegget.

olav@vtb.no