Yasmin finn heimkjensla i dialekta
Ho vaks opp i Tveiten, flytta frå Vinje som tenåring – men kjenner framleis at det er «åmafe» som er heime. For Yasmin Syed er dialekta ein identitet, men ho innrømmer at ho er ein knotar.
– Heime er heime, seier Yasmin Syed og smiler.
For henne betyr det Tveiten i Vinje. Ho er fødd i London, men kom til Vinje som toåring i 1968 og vaks opp på garden Sujordi.
– Men Vinje er staden eg har budd stuttast, seier ho.
Då Yasmin var ferdig med niandeklasse, flytta ho frå Vinje, og har budd vekk sidan.
– Men eg fekk med meg dialekta, smiler ho.
Dialekta betyr mykje for henne.
– Ho er ein identitet, anten ein vil eller ikkje.
Sjølv om ho ikkje lenger har familie i Vinje, og nesten aldri er der, kjenner ho likevel at det er «åmafe» som er heime.
– Det er det som er så rart. Men eg lurar på om det har med dialekta å gjera, seier ho.
Ho legg ikkje skjul på at oppveksten romma både gode og dårlege opplevingar, og at ho har eit hat/kjærleiksforhold til plassen.
Ho fortel at ho vart mobba fordi ho hadde så store vyar. Ho ville ut i verda og hadde mykje ho skulle gjera.
– Eg blei kanskje eit offer for jantelova. Eg følte det var lita takhøgde for at folk er annleis – ikkje berre i utsjånad, men også mentalitet. Men dette er lenge sidan, og eg trur mykje har endra seg sidan då, understrekar ho.
Er ein knotar
Då ho som tenåring flytta til Skien for å gå på gymnaset, merka ho at dialekta var uvand for mange.
– Dei skjøna ho nok, men dei syntest ho var så annleis, så det blei mykje latter og tøysing. Eg tok meg ikkje så nær av det, men eg var så opptatt av å kommunisere. Og viss folk då ler av at eg seier høtt, så får ein ikkje i gang ei god samtale, smiler ho.
Derfor byrja ho å knote.
– Eg gjekk rett inn i knoting, og tenkte at «her blir eg».
Yasmin fortel at ho framleis er ein knotar, men at det er visse ting ho ikkje seier.
– Eg seier aldri jeg og ikke.
I NRK vart nynorsken eit nytt kapittel. Ho hadde lagt målforma til side, og skreiv berre bokmål. Då ho fekk jobb i NRK, måtte ho friske opp igjen nynorskkunnskapane sine.
– Språksjefen hata meg fordi eg var så dårleg i nynorsk, ler ho.
Men det gjekk seg til, og ho vart betre og betre.
– Eg bruka ordboka mykje, og det gjer eg framleis, seier ho.
Ho snakkar offisielt normert nynorsk, men let dialekta skine gjennom.
– Eg er litt rampete, ler ho.
Det var ho òg då ho byrja i NRK i 1999. Ho sa jol i staden for jul, slik ein eigentleg skulle seie den gongen.
– Eg sa ifrå at «det skjer ikkje, eg kan ikkje seie jul». Det er vanskelegare enn å seie jeg, til og med.
Så ho fekk dispensasjon. Det same fekk Aasmund Nordstoga då han var kanalvert.
– «De er telemarkingar, så de får lov til å seie jol», sa dei. Det interessante med det er at no er det lov for alle.
Jol er eit typisk døme på vinjemålet . «Vinje-nynorsk» har litt med uttalen av orda også, fortel Yasmin.
– Mellom anna seier eg alltid mæ til med.
Ho kunne gjerne ha snakka endå meir dialekt, meiner ho, og trur både ho sjølv og sjåarane hadde tolt det.
– Eg snakka dialekt då eg laga Dialektriket, og folk skjøna meg då. Så eg trur folk hadde tolt å høyre meir dialekt. Men i alle dialektar er det visse ord som er vanskeleg å skjøne, men dei kan ein jo normere.
I NRK kan ein søke om dispensasjon for å bruke dialekt, og nokre har fått det.
– Men eg har ikkje tenkt å søke om det. Eg held meg til normert, og så får eg heller vera litt rampete, smiler ho.
Headhunta av Ragnhild
Døropnaren til NRK var faktisk nært knytt til filmen Halvvegs til Haugesund, der Yasmin spela ei av hovudrollene.
Som del av promoteringa, stilte Yasmin i ein reportasje i Norsk Ukeblad. Bileta vart tatt på folkemuseet på Bygdøy, og Yasmin stilte i Vest-Telemark-bunaden sin. Denne reportasjen såg Ragnhild Sælthun Fjørtoft (tidlegare kanalvertsjef), og denne spara ho på fram til dei skulle ha audition for nye kanalvertar.
– Eg hugsar ho ringte meg. Eg var ikkje i tvil eitt sekund på at det var henne, for ho har ei veldig karakteristisk stemme. Ho sa ho hadde sett artikkelen, der eg stod så fint i Vest-Telemark-bunad, og lura på om eg ville koma på audition. Ho headhunta meg, rett og slett. Det var veldig surrealistisk – og veldig moro.
Mange trur kanalvertjobben handlar om å lese eit manus, men arbeidsmengda er langt større. Kanalvertane lagar sjølv promoar for diverse program, gjer research, sjekkar at programma stemmer, og skriv manus.
– Eg skjøna kor mykje me driv med då eg skulle lære opp ein vikar, ler ho.
På spørsmål om kva som er det beste med jobben, svarar ho arbeidstidene.
– Eg har skiftarbeid, og likar det veldig godt. Og så er NRK ein bra stad å jobbe.
Det mest utfordrande med jobben da?
– No har eg lyst til å seie arbeidstida, seier ho og ler.
Tryggleiken etter mange år gjer at jobben ikkje er spesielt utfordrande lenger. På godt og vondt.
– Det er veldig trygt når ein er trygg i jobben, men ein mistar litt av den spenninga inni seg. Men på dårlege dagar kan eg framleis bli nervøs, seier ho.
Har det skjedd noko på sending som du hugsar godt?
– Då eg var ganske fersk, sat me inne i HK (hovudkontrollen) og skravla og hadde det veldig koseleg. Me gløymde oss heilt bort, men plutseleg seier sendeleiaren at eg berre har 30 sekund til eg skal på.
På den tida hadde dei ikkje PC i studioet, så dei måtte printe ut manuset.
– Då manuset var printa ut hadde eg 17 sekund på meg. Og det er eit stykke frå HK til studio. Eg kom inn i skjermen akkurat idet tida gjekk ut. Eg trur framleis eg har rekorden på raskaste tid inn i studio, ler ho.
Det er vanskeleg å unngå små tabbar med så mykje skjermtid gjennom mange år.
– Eg hugsar eg sa at Sydney var hovudstaden i Australia. Eg veit jo så godt at det ikkje er det, men likevel sa eg det.
– Det kan vera litt flautt å seie feil, men det er ikkje så mykje eg får gjort med det, og eg tenker ikkje så mykje på det. Einaste idrettsanalogien eg driv med i livet mitt er «det var det løpet, no er det neste», smiler ho.
Viktig med eit menneske
Er det liv laga for kanalvertar i framtida?
– Det lurar eg også på.
Ho seier at ho rett og slett ikkje veit. Dersom lineær-TV forsvinn, vil ikkje behovet vera det same. Ho stiller også spørsmål ved om dei har ei rolle å spele på NRK TV, og om dei kan bidra med noko på den digitale plattforma.
– Men slik verda ser ut i dag, har me noko der å gjera.
Samtidig minner ho om at det i mange år har blitt sagt at lineær-TV snart skal døy ut.
– Eg trur eg høyrde det fyrste gong for 20 år sidan, og me lever framleis.
Ho reflekterer også over at dei eldre i liten grad brukar NRK TV, og stiller spørsmål ved korleis hennar eigen generasjon vil handtere digitale plattformer når dei blir eldre.
– Ein blir jo teknisk dummare med alderen, seier ho, og synest det er interessant om foreldregenerasjonane framover vil klare å bruke dei digitale løysingane slik fjernsynskanalane ynskjer.
For Yasmin er oppdraget som kanalvert viktig, ikkje minst med tanke på einsemd.
– Særleg med tanke på at folk blir eldre, og endå fleire sit aleine. Grafikk i staden for eit menneske er tull – det er viktigare med eit menneske der, seier ho.
At mange kjenner henne som eit slags selskap, tenker ho mykje på.
– Særleg i joli. For eg veit korleis det er å sitje aleine i joli. Er det sjølvvalt er det heilt supert, men viss det ikkje er det, så er det heilt forferdeleg. Då er det vondt å vita at eg er det einaste selskapet nokon har. Men så er det godt å vita det også. Det er betre enn ingenting.
Har éin einaste joletradisjon
Ho smiler når ho får spørsmål om ho har tatt med seg joletradisjonar frå Vinje.
– Eg hatar jol, ler ho.
Vil du utdjupe?
– Eg har ikkje så mange gode minne frå joli. Derfor er ikkje tradisjonar så viktig for meg, seier ho.
Yasmin seier ho har vore tilpassa i tradisjonar. Sambuaren hennar har tradisjon med lutefisk på joleftan, noko ho synest er heilt greitt.
– Men eg kunne godt ha ete både aure, ribbe eller taco.
Sjølv om ho ikkje er opptatt av joletradisjonar, legg ho til at ho likevel har éin tradisjon ho held fast ved, som ho har tillagt seg sjølv.
– Klokka fem skal eg høyre sylvgutane, og så skal eg drikke sjampanje. Det er den einaste joletradisjonen eg har, smiler ho.
Men kling elskar ho.
– Altså, kling er det beste som finst i heile verda!
Ho har faktisk takke, men bakar ikkje sjølv. Av rein respekt.
– Eg har så respekt for klingbaking, så eg har ikkje tora enda. Men eg trur det er litt som å justere ein bunad. Det hadde eg også veldig respekt for, men eg måtte justere bunaden til dotter mi då ho var konfirmant. Og så var det ikkje så vanskeleg. Ein må berre tora, og slik er det nok med kling også, smiler ho.
Dialekt og sjølvhushald
Noko som Yasmin har tatt med seg frå oppveksten i Vinje, i tillegg til dialekta, er verdien av å ha vakse opp på gard og drive med sjølvhushald.
– No bur eg slik til at me kan dyrke jordeple. Og me bur i byen altså, så det er heilt vilt.
På det meste har dei fått 40–50 kilo jordeple, fortel ho. Kvart år parterer ho også ein elg, i tillegg til å fiske og plukke bær.
– Eg trur ikkje eg hadde vore så interessert i det om det ikkje hadde vore for at eg har vakse opp med det og sett korleis det fungerte. Det landsens livet har eg fått med meg, og det set eg veldig stor pris på. Det og dialekta, smiler ho.
Har du ei jolehelsing du vil sende heim til Vinje og Vest-Telemark?
– Eg vil ynskje alle ei kjempegod jol. Og så vil eg seie at det er veldig koseleg kvar gong eg får ei helsing «åmate». Det set eg veldig stor pris på, avsluttar ho.