Nye grep: Ordførar Jon Rikard Kleven i Vinje kommune.

Vurderer å stenge og isolere enkelte hyttefelt

– Når mange hyttefolk vel å ikkje ta omsyn til kommunen sin oppmoding, og ikkje ved eigen fornuft halde seg borte, kan det vere aktuelt med tøffare tiltak, melder ordførar Jon Rikard Kleven etter laurdagens beredskapsmøte der også politiet var med.

«Underteikna vil no gå gjennom rettslege grunnlag og vurdere å be kommunestyret om å stenge og isolere enkelte avgrensa område i kommunen der det er mange hytter. Altså isolere hyttefelt. Eg har hatt møte med politiet i dag, som no går gjennom oppfylging av eit slikt eventuelt vedtak,» melder ordføraren på Facebook.

Les også
«Det er rein egoisme. Heile Noreg er i lockdown, så tenker desse på eigen komfort. Det er trist å sjå»

I meldinga kjem det fram at det framleis ikkje er nokon smitta i kommunen, men at nye tiltak blir sett inn. Kommuneoverlegen har stengt vegtoalettet i kommunen fordi det er ei potensiell smittekjelde. Kommunen har kjøpt ei desinfiseringsmaskin. Denne kjem ikkje før i april. Brannkorpset får sundag opplæring i smittevern. Konteinar ved kommunehuset skal fungere som smittetiltak. Måndag vil kommunen ta i bruk eit verktøy som ser kvar mobiltelefonar er. Slik kan ein få oversikt over kor mange hyttefolk som er i kommunen. Det blir stopp i all køyring av løyper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heile meldinga frå ordføraren:

«Status koronavirus Vinje kommune laurdag 14. mars. Status per no er at det er ingen stadfesta smitta i Vinje kommune.

Kommuneoverlegen har stengt vegtoalett i kommunen, fordi dei er ei potensiell kjelde til spreiing av smitte. Vedtak går ut no i dag.

Vinje kommune har kjøpt ein maskin som kan desinfisere rom. Denne får vi ikkje før i april, men vi meiner likevel det er rett å kjøpe inn fordi vi veit ikkje korleis situasjonen vil utvikle seg. Vi meiner då det er rett å få denne kapasiteten.

Rehabiliteringssenteret AiR har stilt alle sine legar, helsepersonell, psykolog og bygningsmasse til disposisjon for Vinje kommune. Det aukar beredskapen til Vinje kommune. Det er eit økonomisk tap for AiR, og vi er svært takksame for at dei stiller opp på denne måten. AiR har 71 rom der vi kan isolere og behandle smitta dersom det skulle bli eit utbrot i Vinje. Det kjem då i tillegg til avdelinga på sjukeheimen som no står klar og DPS i Seljord som Sjukehuset Telemark har klar.

Det frivillige brannkorpset i Vinje kommune får i morgo sundag opplæring i smittevern. Dei er ofte fyrst på staden ved ulukke. Vi vurderer også om dei kan brukast til sjåfør på ambulanse dersom fleire av ambulansesjåførane skulle bli slått ut. Fleire brannfolk har sertifikat på å køyre utrykking.

Psykisk helsehjelp i Vinje er ope frå kl. 8–22 via telefon 958 16 360.

Det kjem opp ei brakke/container framfor helsebygget som skal fungere som smittemottak. Det er for at folk kan bli kartlagt utan å gå inn i sjølve bygget. Dei kan då bli vist til rett stad etterpå.

Måndag vil Vinje kommune med ein ny modul fortløpande ha oversyn over alle mobiltelefonane som oppheld seg i kommunen. På den måten vil vi ha eit vist oversyn over kor mange hyttefolk som er her. Vi vil også kunne nå alle mobiltelefonar innanfor kommunegrensa med SMS-varsling. Det er viktig dersom informasjon må ut raskt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folk må førebu seg på ein dårlegare beredskap frå landambulansen fordi dei no får lengre køyreveg ut frå organiseringa av kva for sjukehus som tek imot ulike pasientgrupper. Smittereinsing av ambulansebilane vil også gjere at ein bil vil vere ute av beredskap litt lenger enn dei er til vanleg etter eit oppdrag.

Vinje kommune ber no om stopp i all køyring/preparering av langrennsløyper. I går sendte vi signal om at løypene skulle køyrast av omsyn til innbyggarane. Attendemeldinga frå næringslivet var at det neppe var klokt, og vi er samd i det. Langrennsløyper vil altså ikkje bli køyrt opp framover.

Underteikna vil no gå gjennom rettslege grunnlag og vurdere å be kommunestyret om å stenge og isolere enkelte avgrensa område i kommunen der det er mange hytter. Altså isolere hyttefelt. Eg har hatt møte med politiet i dag, som no går gjennom oppfylging av eit slikt eventuelt vedtak. Når mange hyttefolk vel å ikkje ta omsyn til kommunen sin oppmoding, og ikkje ved eigen fornuft halde seg borte, kan det vere aktuelt med tøffare tiltak.»