
VTBs Påskekrim 2025
Etter nokre års pause er det endeleg klart for det sporadiske påskeseminaret til kommunedirektørane i Vest-Telemark, på ærverdige Dalen Hotell. Dei har hatt ein hektisk morgon med utgreiing om lokale tollsatsar, konsesjonsdekorasjon og paneldebatten «Synergiar mellom næringshagar og datasenter».
I hagen bak hotellet er det også eit dokument, som nyleg har blitt funne i kjellaren på Vest-Telemark museum, som visstnok skal innehalde ein hemmeleg formel for å utarbeide tilrådingar som garantert blir vedteke. Dokumentet stammar frå det aller fyrste påskeseminaret på Straand i 1968, men har ikkje blitt sett sidan nachspielet etter rådmannsjolebordet på Skinnarbu i 1983, og med tida har kunnskapen i skrivet gått tapt.
Seinare på dagen er planen at alle seks skal kikke nærare på dokumentet, men fyrst er det lunsj, og dei seks administrasjonstoppane er samla i hotellhagen for god mat, Mozell og hagespel.
Dei seks i hagen er (frå venstre på fyrste bilde):
- Pelf Udersen, kommunedirektør i Fyresdal
- Serre Svæter, kommunedirektør i Nissedal
- Veate Låge Bia, kommunedirektør i Seljord
- Lone Skunde Taalen, kommunedirektør i Tokke
- Man Jyrekrok, kommunedirektør i Vinje
- Thaila Lorsen, kommunedirektør i Kviteseid
Mozellen har visst litt kvassare enn dei var klar over, og fleire blir etter kvart litt susete i skallen.
Etter kvart kjem dei seg til hektene att, men til si store skrekk skal dei snart oppdage at dokumentet er borte. Alle er samde om at det ikkje har vore andre innom i løpet av dei siste par fuktige timane, og at tjuven er blant dei.

Me er ute etter løysinga på kven som har teke dokumentet, kvar det er gøymd, og dessutan to hint som peikar mot ein av personane. Send svar med forklaring innan 21. april til redaksjon@vtb.no.
Lenke til bilda som du kan gjera større finn du her: