VTB er opplagsvinnaren i Telemark

Vest-Telemark blad har no eit godkjent opplag på 5563 og er igjen den største lokalavisa i det som før var kjent som Telemark fylke.

Eit opplag på 5563 er 426 fleire enn i fjor haust som var førre gong opplagstala blei presentert. Det er det høgast registrerte talet sidan 2013.

For eit halvt år sidan passerte Porsgrunn Dagblad VTB som den største lokalavisa, men det er no altså endra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er glade for at stadig fleire les Vest-Telemark blad. Lokalavisa er i desse dagar viktigare enn nokon gong til å informere innbyggjarane om kva som skjer i regionen, seier redaktør Øystein Øygarden.

Han forklarar framgangen med auka satsing på det digitale.

– Me har eit betre publiseringsverktøy gjennom å vera ein partnar i Agderposten Medier, i tillegg er heile staben meir bevisst på det digitale, seier Øygarden.

– Men me gløymer ikkje papiravisa. Den er framleis svært viktig, legg han til.

AvisOpplagstal Endring
TA22029875
Varden18857–532
VTB5563426
PD5424225
KV5137297
Telen432365
Bø Blad25595
RA241329
Kanalen195911
Drangedalsposten195355