Politiet er på staden: – Mest sannsynleg er det isfiskarar som har vore på isen

Naudetatane melder at det er ingen ting som tyder på at ein person har gått gjennom isen på Vinjevatn.

Laurdag føremiddag melde politiet at dei hadde fått melding om at ein person har gått gjennom isen på Vinjevatn.

– Naudetatane er på veg til staden. Det same er SAR Queen, skriv politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein person skal vera i vatnet, men meldinga går på at det er andre personar som held personen oppe, melder politiet.

Kl 11.36 melde politiet at dei var på staden. Det same er overflatereddarar. Like etter kom det ny melding frå politiet som hadde undersøkt området.

– Ingen ting tyder på at person har gått gjennom isen.

– Mest sannsynleg er det isfiskarar som har vore på isen, skriv politiet klokka 12.