Ordførar: Jon Rikard Kleven.

Vinje-ordføraren: – No må vi slå på utropsteiknet att

To personar som er smitta av covid-19 sit nå i isolasjon på to hytte i Vinje kommune. Ytterlegare to sit i karantene på ei anna hytte i kommunen.

Det melder ordførar Jon Rikard Kleven på Facebook i ettermiddag.

I går tysdag melde han om to personar som var smitta og som var på hytte. I dag melde ordføraren om at ytterlegare to personar sit i karantene på ei anna hytte i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei to nye nærkontaktane som er testa i dag har ingen samanheng med dei to andre smittetilfella, melder Kleven, og legg til at alle dei fire smitta blir fylgd opp av helsetenesta i Vinje og at smittesporing er utført. Smitta kjem frå ein by på Austlandet.

Ingen personar busett i Vinje kommune er stadfesta smitta.

Ordføraren skriv på Facebook:

«No må vi slå på utropsteiknet att. Eg må be alle innbyggjarane om å heve skuldrene att og tenkje attende til mars/april. Vi må alle passe særs godt på avstand og spriting av hender. Hald deg heime om du er sjuk. Er du i risikogruppe bør du ikkje oppsøke butikkar i den travlaste tida i veka. Til dømes ikkje dra for å handle laurdag kl 13. Denne sjukdomen er farleg, den tek liv, og den har gjeve kroniske lungeskadar og anna meir varig helseskade også etter at folk har blitt friske. Hakar i Vinje sto fram i VTB og fortalde om sjukdomen og då han låg ei veke i respirator. Ikkje gløym dette no! Det ser ut til at dei har fått store problem i byane med smittespreiing, smittesporing og det kan bli eit for høgt press på helsepersonell. Det som er betre no enn i mars er at vi veit meir og vi har no nødvendig smittevernmateriell. Eg vil også minne om dei prognosane for smitte- og dødstal vi i Vinje saman har kjempa mot. Vi lukkast saman. Det må vi halde fram med. Næringslivet vårt og handelsstanden har vore flinke. Det må de halde fram med, og heller skjerpe enn å sleppe opp.

Vi klarer det saman!»

VTB gjer merksam på at i ein tidlegare versjon av denne saka stod at det var påvist smitte hos alle desse fire. Det rette er altså at det er stadfesta to smitta, medan to er testa og sit i karantene.