Gratisarbeid: Noko av arbeidet med løypenettet kostar lite, som å ta med seg spade og køyre ut for å jamne til ei kneik. Andre ting er svært dyrt, og særleg kostbart er det å betale for preppemaskin.

Vil vite meir før dei opnar pengesekken for skuterklubbane

I Vinje er det i dag nesten 190 kilometer med skuterløype som blir haldne i orden av skuterklubbane. Kommunen betalar allereie støtte, men skuterklubbane meiner er behov for langt meir.

I fjor fekk skuterklubbane i Rauland, Haukeli og Møsstrond til saman om lag 350 000 kroner i løypestøtte frå kommunen. Nå ber dei om ei auke på 200 000 kroner, og det er administrasjonen positive til.

– Vinje kommune har eit stort og unikt tilbod gjennom løypenettet for snøskuterar, skriv næringssjef Knut Martin Edland i si saksutgreiing. Han peikar vidare på at snøskuterkøyring har sterke tradisjonar i kommunen både som eit naudsynt verktøy for dei som driv næring, men også som hobby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men dei siste to åra har utgiftene til preppemaskin og anna auka mykje for klubbane, og dermed rekk ikkje pengane til å halde løypene i god stand.

– Ein fantastisk jobb

– Det er ein fantastisk jobb skuterklubbane gjer for å ha dette unike tilbodet i så bra stand det er i dag, skriv kommunedirektøren i si tilråding, og legg til at det blir lagt ned eit utal dugnadstimar i tillegg å bruke privat verktøy og utstyr.

Kommunen tener også pengar på løypenettet gjennom sal av løyve. Dersom ein aukar prisen på løyva vil ein kunne få inn noko av pengane som trengst, men det kan samstundes føre til at nokon kan bli ekskluderte frå aktiviteten fordi det blir for dyrt. Samla sett rår kommunedirektøren derfor til at ein imøtekjem søknaden frå skuterklubbane.

Det var ikkje formannskapet samde i. Då dei handsama søknaden frå skuterklubbane førre torsdag føreslo ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) at saka blir utsett medan ein ventar på ein meir grunngjeven søknad, og det var heile resten av formannskapet samde i.

Les også
Skuterforskrifta skal rullerast. – Veldig bra, køyr på
Les også
Dei stikk, grev og sloddar – og drøymer om meir trakkemaskin, nye løyper og grøne soner