Også frå andre land: Til nå i år har Nissedal tatt imot 18 ukrainske flyktningar. Frå neste år ynskjer kommunen å busette flyktningar frå alle delar av verda.

Vil ta imot flyktningar frå alle delar av verda

I år har Nissedal kommune tatt imot flyktningar frå Ukraina. Målet nå er også å opne døra for flyktningar frå andre delar av verda.

I fleire omgangar har Nissedal busett flyktningar. Den seinaste store satsinga var i åra 2015–2018 med overføringsflyktningar frå Afrika og Syria.

– Kommunestyret og kommunen bestemte den gongen at det med mottak av flyktningar skal me vere gode på og gjere det i eige hus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det sa ordførar Halvor Homme (Ap) innleiingsvis då kommunestyret førre veke hadde ei sak der kommunedirektøren tilrådde at frå neste år skal Nissedal bli busettingskommune for flyktningar frå alle delar av verda.

Blir ikkje mindre behov framover

Då krigen kom i Ukraina for nokre månader sidan, var det på ei tid Nissedal hadde bygd ned nesten alt av si flyktningteneste. I kommunestyret rosa ordføraren kommunen for å gje full gass for å ordne ei teneste som kunne ta imot ukrainske flyktningar. Politikarane vedtok tidlegare i år å ta imot 30 flyktningar frå landet i krig. Fram til nå er over halvparten av dei på plass i kommunen.

– Me er gode på integrering, og eit slikt arbeid meiner kommunedirektøren me bør fortsette med, sa Homme.

Dette sa fleire av politikarane i kommunestyresalen seg samd i, mellom anna Tori Fretland Tveit (KrF).

– Eg er glad for denne saka. Når me ser verdsbildet i dag, er det ikkje slik at det blir mindre behov for at folk flyttar på seg, sa ho.

Fleire positive sider

I saksutgreiinga til politikarane står det at for Nissedal kommune er busetting av flyktningar positivt både som eit signal om eit raust og inkluderande samfunn, auke i folketal og stabile arbeidsplassar i flyktningtenesta.

Elles i saka blir det nemnd at eit vedtak om Nissedal som busettingskommune vil vere eit viktig signal til Vestfold og Telemark fylkeskommune som dei kan bringe vidare inn til IMDi (Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet), slik at kommunen er god kandidat for busetting av flyktningar.

Så får tida vise om Nissedal blir busettingskommune frå 2023.

Artikkelen held fram under annonsen.