Vil pusse opp den gamle skulen
I 2023 vart Kostveit grendelag starta. Laget arrangerer jonsokmarknad kvart år, som er godt vitja, og arbeider no for å pusse opp den gamle skulen i grenda.
Tidlegare denne månaden inviterte grendelaget til open skule i den gamle skulestova. Nær 40 personar møtte fram og fylte det vesle klasserommet, som på det meste hadde kring 15 elevar. Det var skule her frå 1919 til 1958.
Signe Kostveit, som er oppvaksen i grenda og har gått på sundagsskule i bygget, sit i dag i styret i grendelaget. Ho var ein av initiativtakarane til arrangementet.
– Eg bur på Hylland og jobbar i Åmot, men har mange gode minne frå bygda og sundagsskulen. Difor ville eg få til aktivitet i bygget. Eg er glad i bygda og ønskjer å bidra til meir liv her, seier Kostveit.
Når VTB møter henne, Margit Auran (83) og Ingvald Bjaaland (73) i skulestova, ligg det framleis litt snø i bygda. Dei mimrar og fortel om skuletida.
Margit budde i Kostveit fram til 1965, medan Ingvald framleis bur på Lie. Han gjekk ikkje på Kostveit skule, fordi det var for få elevar, og måtte gå på skule i Tjønnegrend. Begge bidrog med innslag under open skule, der dei fortalde om livet i bygda og historia til husmannsplassen Øvre Årtveit.
– Eg hugsar då det skulle byggjast veg til Kostveit. Fylket ville leggje han via Tjønnegrend, men det ville me ikkje. Me samla underskrifter i skulebygget, kring 30 personar skreiv under, og vegen vart lagd til Kostveit. Eg stemde òg her då det var vallokale, truleg heilt fram til 1980-åra. Valurnene står her enno, seier Bjaaland.
Auran har gode minne frå skuletida.
– Eg fann att gamle stilar eg skreiv på skulen og vart overraska over kor mykje eg hadde teke vare på. Tida her var fin. Eg likte best skriving og teikning, sjølv om det var strengt. Me måtte kunne leksene kvar dag, seier ho.
Skulebygget treng no omfattande vedlikehald. Planane omfattar nye vindauge, ny kledning, oppgradering av det elektriske anlegget, isolering av vindfanget og utbetring av råteskadar. Grendelaget er i dialog med kommunen om oppussing.
– Det er gledeleg at det no bur mange unge barnefamiliar i grenda, og fleire av dei møtte opp på open skule. I dag bur det litt over 20 personar her, seier Signe Kostveit.
Ein del av informasjonen i artikkelen byggjer på reportasjen «Kostveit skule» i Telemarksmagasinet.