Vil ikkje betale for turisttrafikken til skisportens vogge. – Nå stengjer me parkeringsplassen
Heile året kjem det folk hit. Dei fleste parkerer på Nordistog Bjåland, der Sigrid og Aslak Slettemeås bur, for å besøke Øverbø – skisportens vogge. Når vegen snart blir privat, må turistane finne ny parkeringsplass.
I juni vedtok Kviteseid kommune at fleire kommunale vegar skulle bli private, blant dei er Bjålandsvegen, som fører opp til Bjåland og Øverbø.
Ekteparet Sigrid og Aslak Slettemeås er ikkje mot turistar og turgåarar, men meiner det er urimeleg at dei lokale grunneigarane skal betale for turisttrafikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilsyn med Øverbø i femti år
Det er idrettslaget i Morgedal som eig den gamle husmannsplassen Øverbø. Dei fekk den i gåve i 1950, og har lagt til rette for at både lokale turgåarar og tilreisande turistar kan få oppleve fødestaden til Sondre Norheim.
Ordninga er enkel. Ved parkeringsplassen heng det to nøklar til husmannsplassen. Dei kan besøkande låne med seg, og låse seg inn med sjølv. Det kostar ti kroner per person, eller eit valfritt beløp som ein kan vippse til idrettslaget. Delar av desse inntektene får Slettemeås for å ha open parkeringsplass.
For å kome seg til Øverbø må dei tilreisande gå gjennom det gamle gardstunet på Nordistog. Sigrid er oppvaksen på garden, og er van med turistar. Også foreldra hennar var positive til å leggje til rette for dei som ville besøke den historiske staden. I over femti år, frå fyrst på 1950-talet til tidleg på 2000-talet hadde Nordistog Bjåland tilsyn med den gamle husmannsplassen på Øverbø.
Tre gonger har OL-elden blitt tent på Sondre Norheim sin fødestad, sist i 1993 før OL på Lillehammer i 1994.
– Då eksploderte det med folk her, fortel Aslak.
Det var snuplass og parkering ved nabogarden Sudistog Bjåland, men sidan vegen til Øverbø går frå Nordistog parkerte dei fleste der, både bilar, campingvogner og store turistbussar. På sommaren, under slåttonna, kunne det vere så mange som hadde parkert i tunet at dei ikkje kom fram med traktoren.
– Me hadde ikkje noko val, me måtte lage ein parkeringsplass, fortel Aslak.
Dei søkte både kommunen og Morgedal Idrottslag om støtte til opparbeiding, vedlikehald og brøyting av parkeringsplassen, men fekk nei frå båe.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Så me tok kostnaden sjølve, fortel Aslak og viser fram avslaget han fekk frå Kviteseid kommune i 1994.
Mykje folk
Å gå til Øverbø er populært både om sommaren og vinteren. Vinterstid køyrer Aslak skuterløype opp til Øverbø. Tidlegare var det også ein del skirenn i bakkane på Bjåland og Kleiv.
– Eg trur ikkje folk veit kor mange som er her, seier Sigrid, og fortel at det nesten kvar dag, gjennom heile året, står bilar på parkeringa.
Inne i stova på Øverbø er det ei bok der besøkande kan skrive namnet sitt. Dei siste åra har det vore mellom tre og fem tusen namn i boka.
– Og det er nok ikkje alle som skriv namnet sitt heller, seier Aslak.
Privatiserer vegen
I juni i år vedtok kommunestyret i Kviteseid at Bjålandvegen skulle bli privat. Saka er nå sendt til jordskifteretten. Grunneigarane må då danne eit veglag som vil få ansvar for alt vedlikehald av vegen.
Sigrid og Aslak er opptekne av at det ikkje berre er dei som bur i området som brukar denne vegen, og lurar på korleis kommunen har tenkt å organisere kostnadsfordelinga mellom alle dei ulike brukarane. Dei er ikkje interesserte i så stor trafikk, som dei har nå, på ein privatdrifta veg.
Utfordrar velviljen
Dag Rorgemoen, som er direktør ved Vest-Telemark museum, har saman med fleire reiselivsaktørar i Vest-Telemark oppmoda Kviteseid kommune til å gjere om vedtaket om privatisering av Bjålandsvegen og Håtveitvegen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I eit brev til kommunen uttrykker dei uro for konsekvensane dette vedtaket kan få for ålmenta sin tilgang til Øverbø.
Dei meiner det er svært overraskande at Kviteseid kommune, som har så mykje reiselivsbasert næring, risikerer at desse vegane vert stengd. Og meiner kommunen i staden burde gje ei handsrekning og honnør til dei grunneigarane som gjennom fleire tiår har stilt areal og tun til rådvelde for alle som ynskjer å besøke og oppleve den historiske staden.
Rorgemoen meiner kommunen med dette vedtaket utfordrar den store velviljen grunneigarane har vist så langt.
– Me er mange som har glede og nytte av at dette er tilgjengeleg, seier han.
Anne Hege Svartdal, reiselivsdirektør i Visit Telemark, legg vekt på at dette er ein viktig turistattraksjon i Vest-Telemark som dei har stor tru på.
– Særleg med tanke på utanlandske turistar som er eit viktig satsingsområde nå, seier ho.
Svartdal meiner det er trist om vegen blir privat.
– Ein set seg i ein situasjon som gjer at ein ikkje får tilgang på ein viktig turistattraksjon, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sigrid og Aslak er klare på kva dei vil gjere når vegen blir privat.
– Me stengjer parkeringsplassen. Den har me lagt til rette for sjølv, seier dei.
Så blir det opp til andre å etablere ein ny parkeringsplass ein høveleg stad før vegskilet til Bjålandsvegen, legg dei til.
Øverbø
Øverbø var ein husmannsplass under garden Kleiv i Morgedal.
Sondre Norheim vart fødd på Øverbø i 1825.
Foreningen til Skiidrettens Fremme kjøpte husmannsplassen med 5 mål tomt frå Kleiv på slutten av 1940-talet. Husa blei restaurerte og stova til Sondre blei museum.
Morgedal Idrottslag fekk så Øverbø i gåve av Skiforeninga i juni 1950, og laget er framleis eigaren.
Tre gonger er OL elden blitt tent på Øverbø til OL i 1952, 1960 og 1994.
I 2006 blei Morgedal Utvikling A/S stifta. Dei rydda nokre gamle og nye skitrasear, mellom anna ei løype frå Månin, ned til Øverbø og vidare ned Kleivjordet. På Månin blei det bygd gapahuk, og det har blitt eit attraktivt turmål heile året.