Bilkaos: Benedikte Nes (MDG) og campingplasseigar Jarle Aabø midt i trafikken på europavegen gjennom Høydalsmo sentrum. Nå krev Aabø at Vegvesenet umiddelbart må sørgje for trafikkhumpar i kvar ende av bygda der 50 km-skilta står, etablere tvingande naudsynte fotgjengarfelt ved mellom anna Joker-butikken og innføre fartsgrense på 30 kilometer i timen gjennom bygda.

Vil ha fartsdempande tiltak i Høydalsmo

Jarle Aabø meiner trafikkforholda langs E134 i Høydalsmo er farlege og svært dårlege for gåande og syklande. – Viss ikkje Vegvesenet får ut fingeren snart, så får me legge ut plankar for å senke farta, seier han.

Som grunneigar og drivar av Høydalsmo bubilcamping ønsker Jarle Aabø å gjera vegens eigar, Vegvesenet, merksam på at det oppstår det han meiner er alvorlege trafikkfarlege situasjonar på E134 gjennom Høydalsmo. Nå krev Aabø at Vegvesenet umiddelbart må sørgje for trafikkhumpar i kvar ende av bygda der 50 km-skilta står, etablere tvingande naudsynte fotgjengarfelt ved mellom anna Joker-butikken og innføre fartsgrense på 30 kilometer i timen gjennom bygdesentrumet.

– Det er ikkje etablert eit einaste fartsdempande tiltak i trafikken her. Dette finn bubilturistar og eg underleg og nesten påfallande, seier Aabø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Egnar seg som miljøgate

Vegstrekninga er skilta til 50 km i timen. Aabø meiner dette er ei fartsgrense få køyretøy ser ut til å følgje. Då særleg på den fyrste vegstrekninga sett sørfrå. Midtvegs på denne 50-strekninga går vegen over elva via brua som er smalare enn sjølve vegen.

– Brua kan sjølvsagt tene som eit fartsdempande tiltak, men framstår meir som noko som skapar trafikkfarlege situasjonar på E134 og ved innkøyringa frå vegen som går mot Øyfjell, seier Aabø.

Han meiner det er nærliggande å trekke fram at Høydalsmo ville eigna seg svært godt for å etablere ei miljøgate der det er balanse mellom gåande, syklistar, bilistar og langtransport.

– I dag er syklistar og gåande svært nedprioritert, seier Aabø.

Varaordførar i Tokke Benedikte Nes (MDG) har varsla at ho vil engasjere seg for å få ein tryggare trafikk gjennom Høydalsmo.

Video: Marith Holmgren Sander

Spinnvill situasjon

Aabø meiner Vegvesenet bryt si eiga handbok og at det er nesten umogleg å kome frå 70 til 50 km/t i nedoverbakkane mot sentrum. I tillegg er det bare eitt overgangsfelt for mjuke trafikantar. Aabø vil ha fartsgrensa ned til 30 kilometer i timen på strekninga på 400 meter.

– Reisetida gjennom Høydalsmo vil bare auke 1,24 sekund med dette tiltaket, seier Aabø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har observert trafikken og meiner situasjonen er spinnvill og at det bare er eit tidsspørsmål før det skjer ulykker. Han varslar sivil ulydnad ved å lage dumpar for å redde liv.

– Det er nestenulykker heile tida og det me ber om er lite, avsluttar han.

Inviterer til omvising og kaffi

Jarle Aabø er lite imponert over svaret frå Vegvesenet.

– At ikkje byråkratane i Statens vegvesen ser behovet for noko så velgrunna som eit gangfelt ved Joker og to fartsdumpar gjev meg ei «klyp meg i armen»-kjensle, seier Aabø som meiner dei bør ta seg ein tur til Høydalsmo for å få meir informasjon om det han karakteriserer som «den livsfarlege trafikken i hjartet av Telemark».

– Eg kan love full omvising, full forklaring og ein full kaffikopp, seier Aabø.