Tor Bendik Midtgarden er blant fleire som vil etablere ei Høgre-liste i Fyresdal. 	arkiv
Tor Bendik Midtgarden er blant fleire som vil etablere ei Høgre-liste i Fyresdal. arkiv

Vil få til ei Høgre-liste i Fyresdal

Tor Bendik Midtgarden er blant dei som vil gje veljarane i Fyresdal eit tredje alternativ til haustens kommuneval.

– Det politiske engasjementet, reelle politiske debattar og mangfaldet i valmoglegheiter har vore på lågbluss i Fyresdal dei siste åra, meiner Midtgarden.

Sjølv om han rosar Arbeidarpartiet og Senterpartiet for å halde liv i kommunestyret, håpar han å unngå at det berre er to parti med lister til haustens val. Midtgarden meiner ein i Fyresdal er farleg nærme eit eittpartisystem. I starten av februar blir det invitert til eit møte for å etablere Fyresdal Høgre med mål om ei liste til kommunevalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har det litt travelt. Lista må vera klar til 31. mars, men eg har god tru på at me lukkast, seier Midtgarden.

– Og då er du ordførarkandidat for Fyresdal Høgre?

– Eg er i alle fall viljug til å stå høgt oppe på lista, seier Midtgarden.

Han seier det er namn på toppkandidatar til lista, men vil ikkje ut med dei i avisa.

– Men kan me få til kampvotering om sikre plassar, er ingen ting betre enn det, seier Midtgarden.

Han har også tidlegare vore med i Høgre. Frå 1999 representerte han Bygdelista i kommunestyret. Dei siste åra har han jobba i Nepal, men no er han klar for igjen å engasjere seg i politikken i heimbygda.

Midtgarden har tidlegare argumentert for å slå saman alle kommunane i Vest-Telemark. Han innser at det alternativet er daudt, men han meiner Fyresdal må samarbeide meir med andre kommunar. I eit lesarinnlegg trekkjer han mellom anna fram å innlemme Nav Fyresdal i den nye Nav-satsinga på Dalen for dei andre kommunane i Vest-Telemark.

– Isolerer Fyresdal seg for mykje?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, eg meiner det. Me må sjå heile Vest-Telemark som ein arena. Set passarspissen i Fyresdal å slå ein ring rundt med ein times reiseveg for å finne arbeidsmarknaden, seier Midtgarden.

– Me må fokusere meir på bulyst og akseptere at våre gode grannar i Vest-Telemark og kan tilby gode og interessante arbeidsplassar – men folk skal ynskje å bu i Fyresdal, held han fram.

Kommunestyret i Fyresdal har denne perioden 17 representantar. Arbeidarpartiet har 10, medan Senterpartiet har 7 medlemmer.