Moglegheiter: I Fyresdal vil dei ha hjelp av ein påverkar til å vise fram korleis det er å bu og leve i kommunen.

Vil få ein påverkar til å flytte til Fyresdal og marknadsføre kommunen på «ein moderne, dagleg, ekte og annleis måte». Vil tilby bustad og gratis barnehage/SFO i eitt år.

Formannskapet i Fyresdal viste til forretningsløyndomar då dei tysdag stengde døra for å diskutere prosjektet «Flytte til Fyresdal».

Det blei vist til Offentleglova paragraf 13 og Forvaltningslova paragraf 13.2 då møtet blei lukka.

Offentlegglova § 13

Opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov, er unnatekne frå innsyn.

Føresegnene i forvaltningsloven om teieplikt gir sjølvstendige rettssubjekt som er nemnde i § 2 første ledd bokstav c eller d i lova her, høve til å gjere unntak for dokument og opplysningar i same omfang som dei gir forvaltningsorgan det.

Gjeld innsynskravet eit dokument som inneheld opplysningar som er underlagde teieplikt, og denne plikta fell bort dersom den som har krav på tystnad samtykkjer, skal innsynskravet saman med ei eventuell grunngiving på oppmoding leggjast fram for vedkommande med ein høveleg frist til å svare. Svarar vedkommande ikkje, skal dette reknast som nekting av samtykke.

Forvaltingslova paragraf 13.2

Tekniske innretningar og framgangsmåtar samt drifts- eller forretningsforhold som det vil vera av konkurransemessig betydning å hemmeleghalde av omsyn til den som opplysninga vedkjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saksdokumenta var tidlegare tilgjengeleg på kommunen sine heimesider. Det skulle dei, ifylgje konstituert rådmann Une Marit Aarbakk Tangen, ikkje ha vore fordi dei var unntatt offentlegheita.

Kommunestyret avgjer

Tidlegare var ideen i «Flytte til Fyresdal» å lage ein film som marknadsfører kommunen. Dette er no foreslått endra til «influencer marketing». Tanken er å få ein påverkar med familie til å flytte til kommunen, og marknadsføre kommunen på ein «moderne, dagleg, ekte og annleis måte» i løpet av eitt år.

Kommunestyret blei orientert om ideen i eit lukka møte i desember «sidan dette er ein annleis ide som prosjektgruppa med fleire ser at kan skape blest i seg sjølv».

Formannskapet stilte seg tysdag bak at mandatet for prosjektet «Flytte til Fyresdal» blir endra frå film til påverkar-ideen. Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg godkjenning.

Verdien av husleige

I saka til formannskapet står det mellom anna:

«Tiltaket vil krevje verdien på husleige/tapte leigeinntekter i eitt år og gratis barnehage/SFO. I tillegg til arbeidstid for nokon til å fylgje opp infleunceren i løpet av året».

Influensar/påverkar

Influensar (engelsk: influencer) eller påverkar er ein opinionsdannar eller annan enkeltperson som ytrar seg offentleg på sosiale medium og i andre kanalar for å påverke haldningar og handlingar hos lesarar og tilhengarar med same interesser.

Kjelde: Wikipedia

«Flytte til Fyresdal» har som mål å skape arbeidsplassar og tilflytting til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen har leigd inn Faun til å gjennomføre prosjektet. Om kommunestyret sluttar seg til det får Faun mandat til å gå ut med pressemeldingar og instagram-kampanje denne månaden på jakt etter den rette påverkaren for kommunen. I forprosjektet kjem det fram at ein vil ta direkte kontakt med aktuelle påverkarar via deira instagram-profilar.

Det blir også skissert at Faun også kan bidra til å få organisert dei praktiske forholda påverkaren vil trenge, som bustad, barnehage/SFO og eventuelt andre goder.

«Begeistre bygdefolket»

«Det er svært viktig at tilflyttaren føler seg velkomen og får kjennskap til kommunen», heiter det i forprosjektet.

Faun vil bistå med å «begeistre bygdefolket/innbyggjarane til å forstå fokuset».

Det er elles eit mål å få ein av dei kjente påverkararane til å skrive om kommunen sitt tiltak.

Det kjem ikkje fram noko kostnadsoverslag i prosjektet, men prosjekteigar (Fyresdal kommunestyre) skal stille med ressursar etter behov og med den rette kompetansen.

Ordførar Erik Skjervagen var ikkje tilgjengeleg for kommentar onsdag.