Rauland: Studentskipnaden planlegg 20 nye bustader i Rauland.

Vil byggje 20 nye studentbustader i Rauland

Studentskipnaden i Søraust-Noreg har søkt om å byggje totalt 434 nye studentbustader. 20 av desse er planlagt i Rauland

Det er venta at bygging av dei nye bustadene ved universitetsavdelinga i Rauland kan byrje i 2021.

Totalt er det søkt om å byggje 434 nye bustader i søraust. 250 er planlagt i Porsgrunn, 20 i Rauland og resten på Ringerike.

Artikkelen held fram under annonsen.

Studentskipnaden er i ferd med å ferdigstille 282 bustader i Bø, og har sidan 2016 bygd nærmare 1000 studentbustader i massivtre på fem ulike campus: Bø, Kongsberg, Vestfold, Ringerike og Drammen. Dei nye bustadene er planlagt bygd på same måte.

– Me byggjer bustader i massivtre med passivhusstandard. Dette er ein miljøvennleg måte å byggje på, og det gir et godt inneklima. Miljøfokuset er viktig for oss når me byggjer, og me veit at studentane også er opptatt av det, seier Hans Erik Stormoen, administrerande direktør i studentskipnaden i ei pressemelding.

Studentbustadene vil bli bygd på campus. I tillegg til at dette er eit ynske frå studentane, blir det peikt på miljøaspektet ved at det blir mindre bilkøyring mellom studiestaden og bustad ved ei slik løysing.

Maksimal byggekostnad per hybeleining er 902 600 kroner, tilskotet per eining er 308.000,-. Total maksimal byggekostnad for alle prosjekta er 391.728.400 kroner. Tilskot ved bygging på maksimal kostnadsramme er 133.672.000 kroner.

Ifylgje NRK Telemark avgjer Kunnskapsdepartementet i februar om skipnaden får pengar til bygging.